1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Sponsorar

 

 

 

I samband med markeringa av Skiftun kai 100 er det òg gjenskapt ein møteplass i naturen - på Smidjehaugen i Norda Skiftun, med fin utsikt ned til Skiftun kai. Her ute på den markante haugen møttes naboar/bygdefolk før i gamle dagar då rutebåten kom inn; for å sjå, prate og få siste nytt. 


Det har blitt utført ein god del dugnadstimar i området, med saging og rydding av busk og kratt - haugen var temmeleg tettvokse med vegetasjon.  Naboar stilde opp på dugnad med traktor, hengar, motorsag og handmakt, og grunneigar var positiv.  Natland Graveservice sponsa med eit lass gratis grus, og Jøsneset Bygdaråd søkte og fekk midlar til benken.  Nå er benken på plass, og open for alle som er ute på rusletur.  Takk

Benken står idyllisk til i grøne omgjevnader med utsikt oppover Skiftudalen og utover sjøen og vika. "Nullen" er jo ein fin, liten rundtur, og nå kan du ta deg ein avstikkar utom benken med det same. Det er koseleg å tenke på at dette er òg i gamle dagar var ein plass som folk møttes til ein uformell prat i kvardagen.

FaceBook
Facebook