1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Sponsorar

 

 

 

 
Denne stabelen med ganglemmar ligg på Foss, og skal nå leggjast ut i våte parti på stien til Gunlanuten.  Lemmane er ca 3-5 m lange,og blir frakta med traktor frå Foss til Skiftustølen, og skal altså bærast inn frå traktorvegen og eit par hundre meter inn på myra der det er veldig vått.  Då vil stien her bli fin og behageleg å gå på.   Lemmane er tunge, så jo fleire me er til å vere med å bære, jo lettare, fortare og kjekkare går jobben.   Det blir oppmøte på Foss kl 17.00 onsdag 17. august. Det er mogleg å kjøre bil heilt opp til Skiftustølen. Me lesser lemmane på traktoren, og organiserer oss i bilar opp. (dei som vil, kan gjerne gå opp frå Foss, tar ein drøy times tid).

Fint viss du gir beskjed til Jostein i Bygdarådet på tlf 900 62 330 om du blir med.

Dette ganglem-prosjektet er ein del av eit større prosjekt som Hjelmeland kommune v/Frivilligsentralen koordinerer.  Dei har fått eit tilskot frå Sparebankstiftelsen SR-Bank, og Hjelmeland Bygg har produsert trelemmane. Desse skal fordelast ut på dugnad i 3-4 andre bygder/turmål i kommunen. Her på Jøsneset er det Bygdarådet og Helselaget som har ansvar for prosjektet. 

Det blir ein velfortjent saft-og kaffepause etter endt arbeidsøkt!  Vel møtt !

Jøsneset Bygdaråd
Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag

 

FaceBook
Facebook