1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Sponsorar

 

 

 

Onsdag denne veka var det ein effektiv gjeng som lasta på 13 tunge trelemmar på traktorhengar på Foss, og kjørte de inn til Skiftunstølen. Der blei dei 3-5 m lange/tunge trelemmene lessa av og bore inn til den våte myra som Gunlanutstien går over.   Her blei lemmane lagt ut og "montert" på dei våtaste partia, slik at stien nå er mykje meir brukarvennleg. Klikk på bildet ovanfor så får du sjå ein liten filmsnutt korleis arbeidet gjekk for seg.

Namnekonkurranse
: Gangpartiet over den våte myra mot Gunlanuten er nå blitt så fin, at den fortjener nesten eit eige lokalt stadnamnskilt  - så me lyser ut ein namnekonkurranse: kva skal traseen heite? (forslag er alt mottatt). Send ditt forslag til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Då dei våtaste partia var ordna på Gunlanutstien, var det to trelemmar til overs. Det passa bra, for gjengen visste at det var eit håplaust vått parti på stien nede ved Fosstemmen. Så dei to lemmane blei frakta tilbake til traktoren, og ned til Fosstemmen der dei blei montert over eit svært vått myrsøkk. 
Begge desse to turstiane til Gunlanuten og Fosstemmen er mykje brukt, og desse vil nå bli mykje betre å ferdast på.

Trelemmane er produsert av Hjelmeland bygg, og det er Hjelmeland kommune v/Frivilligsentralen som har søkt og fått midler frå Sparbankstiftelsen SR Bank til dette prosjektet. Andre bygder/turstiar i kommunen får òg tildelt slike trelemmar, og andre frivillige lag i andre bygder skal gjere tilsvarande arbeid.  På Jøsneset er det Bygdarådet og Helselaget som har tatt ansvar for prosjektet. Stor takk til dei 8 frivillige som fiksa jobben på under 3 timar.

FaceBook
Facebook