1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Onsdag 09.04 hadde elevane på Jøsneset skule ein både travel, interessant og variert skuledag.Steinalderliv


Først på dagen fekk dei besøk av to flinke fagfolk innan arkeologi og geologi: i dag skulle elevane lære om korleis menneska hadde det i steinalderen. Det heile gjekk føre seg ute i skogen bak skulen. Her fekk elevane ein kjekk dag med masse steinalder-aktivitetar i praksis: dei lærte korleis dei laga pengepungar, korleis dei fyrte opp bål, om ulike samarbeidsteknikkar for jakt og masse anna. Elevane fekk òg prøve seg med pil-og bueskyting - noko som var svært populært. Les meir om denne kjekke aktivitetsdagen i regi av Den Kulturelle Skulesekken på Jøsneset skule si eiga heimeside her.

Seinare på dagen fekk elevane på skulen besøk av sjølvaste ordførar Bjørn Laugaland. Barna hadde førebudd seg på spørsmål om både det eine og det andre; og var mellom anna opptekne av datasystemet på skulen, om fritidsaktivitetar og om Jøsneset skule si framtid. Ordføraren tok seg god tid, og svarte barna skikkeleg på det de lurte på. Barna syns det var ein kjekkt møte, og det håpar me ordføraren òg tykte.

steinalderliv    Steinalderliv   Her syr de pengepung av skinn

Steinalderliv    Her prøver de å få fyr på bål    Sjå dei fine pengepungane me har laga !

FaceBook
Facebook