Mellom 20 og 30 personar, både heilt unge og godt vaksne, møtte opp ved brannstasjonen i kveld for å vere med på tenninga av årets julegran. 

 

 

Etter at lysa blei tende, var det først gang rundt juletreet før det bar opp bakken til Grendahuset. Her blei det servert graut, med både gløgg, kaffi og saft.
Det var to heldige som fant mandel i grauten, og det vanka premiar og ære. 
Tusen takk til alle som kom! God adventstid!

Helsing Bygdarådet

  

 

 

 

 

(foto: Svanhild Hjorteland og Solveig Bog)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

FaceBook
Facebook