1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 

 

Er du lei av å jobbe ved kjøkkenbordet på hytta? Eller kanskje du har heimekontor uten eigna lokaler?

Du har moglegheit til å leige kontorplass i det gamle skulebygget ved Grendahuset på Jøsneset. 

Det går an å leige fast antall gonger i måneden, eller du kan bestille ein dag om gangen. Informasjon og prisar finn du HER. 

Me har nyoppussa lokaler med tre kontorplasser til rådighet. Me kan lokke med hev/senk-pultar, kaffitraktar og flott utsikt. 

Sidan kontoret er i eit gamalt klasserom er veggane dekorerte med fine plakatar og kart som du kan studere dersom du treng ein pause fra jobbinga.

Gi beskjed til Solveig Bog i Jøsneset Bygdaråd dersom dette er noko du kan tenke deg (mobil 94181791, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.).

Har du lyst å sjå lokala, så er det sjølvsagt mogleg.

 

Me sjåast?!

 

 

 

 

FaceBook

"Kogekjellas Venner" har hatt nokre års vinterbadingspause nå, men i 2021 tar de ny sats. Primus motor nå er Anbjørg, framme på foto i nisselua...Ho har som mål å bade kvar veke heile vinteren, og då må jo "gamlingane" følgje på !  Og då må det herdast ! Me oppmodar til første lørdagsbad nå 28.08. kl 16 - eller etter dugnaden på Grendahuset. Deretter er det berre å følgje på kvar laurdag framover, eller gjerne oftare. Badeplass er foreløpig valgfri, men kan bli både Kogekjellå på Foss, Fosstemmen eller Skfiftuvika utover vinteren. Meir info følgjer

La deg inspirere av denne videosnutten frå nyttårsafta 2014, like før Friluftslivets år 2015, som Jøsneset sjølvsagt markerte med bad i Kogekjella 13 januar ! Målet er likt òg i år, og dei personane som blir utfordra i videoen blir framleis utfordra den dag i dag tongue-out

FaceBook

Hjelmeland Sparebank har vore raus, og har gitt 3 nye turkassar til turpostane på Jøsneset.   Her er den nye postkassen på Høgafjell på plass . Der blir framleis òg den gamle hengande, ettersom turboka som høyrer til Øygarden hyttefelt er så stor at den kun får plass i den raude kassen.

FaceBook

Søndag 6.oktober blir det tur Nesvikheia rundt med kjentmann Rasin Tjeltveit og Hjelmeland Turlag v/ Svanhild Hjorteland Gbada.  Oppmøte kl 11.00 på Nesvik ferjekai. Meir info på PLAKATEN og via facebook-eventen til Hjelmeland turlag

FaceBook

ROMANIA AID har samla inn utstyr frå mange stader i det siste, og fredag kveld var de på Jøsneset. Bilhengaren blei full herfra. Og allereie nå er ein full TRAILER med klær, utstyr møbler med mer innsamla frå bygder i Suldal og Hjelmeland på veg til Romania.  Her er meldinga som ligg ute på Romania Aid si facebookside:

FaceBook

Er du glad i å lese bøker - og har lyst å dele interessa med fleire ??  Då er du velkommen til å bli med i lesegruppa på Jøsneset som møtes kvar første onsdagskveld i månaden.

FaceBook



TORSDAGSTRENINGA HELD FRAM - ALLE VELKOMNE !!  Treninga er kvar torsdagskveld kl 19.30 i gymsalen. Det er både styrke og kondisjon + strekk !  Det er òg ein del apparat som tredemølle, romaskin, vekter og ergometersykkel som blir nytta i treninga !  Velkommen

FaceBook

 

ONSDAG  28/9 kl 19:30 i trivselstova 

Ta med deg naboen, strikketøyet, heklenåla eller alt og kom på haustens første damekveld

 God drøs over kaffi/te koppen ventar på nettopp deg.

vel møtt

 

FaceBook

Fotograf Bjørkhaug
Tania Auglend frå Tonå på Jøsneset er ei travel tenåringsjente, og to gonger i veka reiser ho til Stavanger for å trene taekwon-do, som er ein koreansk sjølvforsvarkunst og internasjonal idrettskonkurranse.  Tania er ivrig og god - og nå bærer treninga frukter - for nå er ho teken ut til å delta på worldcup i taekwon-do i Budapest 11-16 oktober !!

FaceBook


Ca ein kveld pr mnd er det samling i Trivelstova med leseglade folk - Lesesirkelen på Jøsneset har "surra og gått" eit par år nå, og her er òg nye deltakarar velkomne. Det går enkelt sagt ut på at gruppa blir enige om ei bok som alle skal lese til neste samling. Så når neste treff kjem, har folk lest boka, og innhaldet, temaet, forfattaren blir diskutert.  På den måten får du lest bøker du gjerne ikkje hadde kome på du ville lese på eigen hand. Variasjonen i bøker har vore stor - frå ørkenland i Kasakhstan til fiskarliv på Island, frå Oslo til Japan, frå gamle dagar til framtidsvisjon, frå juridisk alvor til svensk humor - frå norske klassikarar til aktualitetar.   Boka som blir lest denne månaden er "Sekstitallet" av Ketil Bjørnstad. Dersom du vil vere med på neste lesesirkel, er det fint om du får tak i boka - så pratar me om den neste gong MANDAG 17.oktober kl 19.30 i Trivselstova - sjølvsagt over ein kopp kaffe/te og av og til litt knask

FaceBook

Nettsida TURANBEFALINGER har igjen ein flott turreportasje frå Jøsnesheia - denne gongen t/r Foss - Røssenibben.

Les heile artikkelen HER.  Veldig kjekt at det kommenteres at løypa er godt merka - då kan me føye til at turen kan varierast med start/stopp-punkt Bastlid, den løypa er òg godt nymerka,  ev via Giskelia, så blir det ein flott rundtur og ein kjem enda tettare på fjordlandskapet. Ta turen !! Turpostbok i boksen.

FaceBook

Her er heile TeamJøsneset i mål etter 3 x fullført maraton under arrangementet BWW OsloMaraton - lørdag 17 september.   Shaky i beinå, men glae i håvenesmile Fra venstre Silje Sværen, Einar Nesvik og Svanhild Hjorteland Gbada.  Ikkje verst at vesle-bygda Jøsneset klarte å stille med såpass stor prosentvis deltaking, sjølv om deltakinga var større i fjor 2015, då òg Ingeborg Westersjø deltok. Men i år var det dette trekløveret som sprang for Jøsneset og alle tre klarte ny pers - Einar er busett i Oslo, men spring for Jøsneset og er "sprinteren" på laget - imponerande 3.42.02 - slo si tid frå i fjor med heile 8 sek ! Silje og Svanhild holdt tett lag alle dei 42,2 km gjennom Oslos gater og begge  kom inn på 4.19 . Silje persa med 10 min ift i fjor og Svanhild med ca 6 min.

Du finn Team Jøsneset i resultatlista her, gå på søk - avansert - klubb:

FaceBook

Herleg frittliggande tomt med nyoppussa hus til salgs i Knutsvik, les meir på FINN

FaceBook

Eit vekst-og tilflyttarprosjekt i regi av Bygdarådet - undergruppe Busetjing.

Prosjektgruppa består av: Sven Westersjø, Ola Skiftun, Jostein Hjorteland, Lene Hjorteland og Elsa Nesvik Altamirano.

Meir info kjem !

FaceBook

Nasjonalforeningen Jøsneset helselag melder at resultatet av årets bøsseaksjon for Jøsneset sin del, etter opptelling vart: kr 4574,-. Det passerte såvidt fjordårets beløp som var på kr 4485,-.

FaceBook

Ei gladmelding frå fjoset på Bøen: Minni har fått tvillingar andre år på radSmileog det står bra til med "mor og barn" . Her kosar Bambi og Feline seg i garden saman med mor Minni.

FaceBook

Oppstart helsebading mandag 15.oktober, kvar mandag fram til og med 03.desember.

Oppvarma basseng. Vi er kjempeheldige som har denne muligheten i kommunen vår!

Kl 17:30-18:30 Småbarn m/foreldre (OBS Hjelmeland helselag har eiga badegruppe tysdagar for 1-4.klasse)

kl 18:30-19:30 Vaksne

Kr 30 for vaksne og kr 20 for barn.

Vel møtt

FaceBook

Eldretreffen har oppstart torsdag 20.09.12, kontaktperson Olga Hjorteland tlf 51751947 for påmelding. Middagsservering. Anna kvar torsdag vidare.

Alle er velkomne!

 

Nasjonalforeningen Jøsneset helselag

FaceBook

Nasjonalforeningen Jøsneset helselag meldar at barnetrimmen vil starte opp etter haustferien. Nærare skriv om datoar og ansvarlege, vil komme etterkvart som det nærmar seg.

FaceBook

DAMEKVELD "PREMIERE" HAUSTEN 2012


 

FaceBook

 

FaceBook


Regnet har hølja ned over oss denne andre veka i september. Bygene har vore tunge, bygene stått i kø og langtidvarselet fortel om regn, regn, regn. Men INNIMELLOM sprekker skydekket opp, iallefall i små øyeblikk, og me kan få ettermiddagshimlar som denne. Det gjeld om å nyte dei små glimta av godværWink

FaceBook


Leif Trevland måtte til med tau og stropper for å feste det det fullstappa lasset med sekker og øskjer som blei gitt til innsamlingsaksjonen til Romania.
Det var mange som var innom brannstasjonen med klær, leiker og utstyr - og eitt døgn seinare vil varme jakkar og gode bukser frå Ryfylke vere på veg til barneheimane i Romania

FaceBook

Er det ein ting "KorLøye" er gode på, så er det svinlange sommar-
feriarKiss. I år har me hatt sommarpause sidan før påske!  Men nå går det mot vinter, og då trekkjer songfuglane innomhus, og gudane må vite kor rustne røstene er blitt etter sommaren.WinkMen som vanleg er denne variert samensette songglade "på-tvers-av-bygdegrense-gjengen" med svært godt mot og i humør, og gledar oss til å starte opp att songkveldane i lag.

Me har sesongstart MANDAG 3. oktober kl 19.30. Då startar me opp forsiktig og sosialt, med litt mat, prat og kos attåt songen, heime hos Svanhild i Skiftuvigå. Det hadde vært gøy om me kunne utvida flokken med fleire røster, så nye, songglade sjeler er hjarteleg velkomne.......ikkje minst djupe, mandige bassrøster Smile

Send meldinga "EG JOINE KOR-LØYE" på SMS til 97 00 76 36 og vips så er du med !!!

Øvingane vil deretter gå som før: annankvar mandag Jøsneset skule - Jøsenfjorden skule.

FaceBook

Kjekkt å sjå at utflytta Jøsnesbuar gjer det godtLaughing.  Leiv Gunnar Skiftun, som er oppvaksen midt  i "tjukkaste" SkiftudalenWink og er bror til TorMagne,  er i haust kåra til historias første " ÅRETS KVINDØL". Dette kan me lese i avisa Agder Flekkefjord Tidende. Me gratulerar med den gjeve tittelen og alle godorda frå ordføraren om "den gode hyrde".  Les meir om kåringa, den flotte tittelen og Leiv Gunnar her i AGDER Flekkefjord Tidene og sjå video HER.

FaceBook

Fredag 23.09.11 er det gjennomført ei bøsse-innsamling for Nasjonalforeningen for folkehelsen sin Demensaksjon. Resultatet var svært flott dette året, og utan å ha lett tilbake i bøkene ennå, så antar vi at det kanskje kan vere rekord?

FaceBook


Ryfylke Miljøverk har i dag etablert ny miljøstasjon for bygda inne ved Nesvik-fyret v/ RV13, dvs ca 4-500 m på riksvegen inn mot Jøsenfjorden.  Den gamle miljøstasjonen på Nesvik er altså nedlagd.

FaceBook

På Jøsneset er det Bedehuset som er vallokale, og på valdagen 12 september, sat røystestyret klar til å ta imot stemmesedlar frå bygdafolket.

I vallokalet blei me møtt av dette blide røystestyret, som består av Elbjørg Tednes, Olga Hjorteland og Rasin Tjeltveit, som både kvar for seg og saman har lang erfaring med dette samfunnsnyttige arbeidet.

FaceBook


To flotte, friske ung-hanar gis bort !!!! Blanding mellom Føniks og Gul Dvergkochin.

FaceBook

Styret i helselaget har for tida ein runde igjen der vi diskuterer premieringa på turstiane. Tidlegare var det loddtrekning og heilt tilfeldig kven som vann ein liten premie på årsmøtet (klart at sjansen auka jo dersom ein gjekk fleire gonger, likt som om ein tek mange lodd på basaren). Så var det etterspurt at det skulle bli premiering av den som gjekk flest gonger, og no har vi hatt det slik dei siste to åra. Det kan jo bli litt konkurranse på denne måten. Bakdelen er at mange kanskje fell av litt fort og dermed er det berre nokre få som held motivasjonen gjennom året på denne måten.

Spørsmålet no er om vi skal endre måten å premiere turstiane i 2012. Som sagt har styret hatt ein runde på dette no i september, men vi vil ta opp att denne saka på neste styremøte. Vi har diskutert ulike måtar å få til poengsystem på, men då dette er frivillig arbeid, må vi helst ha noko som er lett å administrere og. I høve at vi skal bestemme oss for anten å behalde eller velge ny måte å premiere på, så ynskjer vi innspel frå folk som nyttar turstiane.

Spørsmålet er: Kva motiverar deg? Korleis kan vi motivera flest mogleg til å gå tur? Alle tips mottas med takk på mail: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller sms/telefon til Ingeborg 92850297

FaceBook

Cesilie på MIXn melder om nye opningstider utover hausten:
F.o.m mand 5.sept: mand-lørd 11.00- 19.00, Søndag 11.00 - 20.00

OBS: Det er HALV PRIS på IS heile september.

FaceBook


Du lurer kanskje på kven frå Jøsneset som stiller på politiske lister til årets kommuneval, kva parti dei representerer og kva dei står for ??  I stadan for eit lokalt debattmøte, har Bygdarådet nå gjort ei lita skriftleg utspørring av kandidatane og nedanfor finn du svara frå den enkelte.

FaceBook

 

Jorunn Foss har sendt oss koselege sommarbilder. Her frå Brynå...alt vær er godt turværWink

FaceBook

Jøsneset helselag vart i vår invitert til å vere med på ein felles søknad frå kommunen om bulystmidlar. I det høvet samla vi saman gode idear som hadde vore lufta tidlegare på Jøsneset, saman med bl.a. Jøsneset bygdaråd og - ungdomslag. For vår del vart det med vidare i søknaden eit ønskje om å skape gode møteplassar ute i naturen. Vi kjem no til å arbeide meir med prosjektet utover hausten, og det vil forhåpentligvis resultere i noko som kan vere postitivt også for Jøsneset. Helselaget er kjempefornøyde med dette og håper innbyggjarane på Jøsneset også blir det Smile Det vart innvilga kr 780000,- til prosjektet "Hjelmeland 24-7"!

Sjå kva som står om prosjektet på kommunen sine heimesider her.

FaceBook

Folkevekst er gledeleg for ei lita bygd som vår.
Denne gongen er det i Nesvik det vekst.
Der har folketalet nå stige med pluss 1: Solveig og Ian har fått ei fin datter!
Me gratulerer familien og gledar oss over veksten.Kiss

FaceBook

Informøte Torsdag 30.sept kl 19.00,  Ombo Grendehus på Eidssund.
Hovudtema for møtet er kommunegrensa på Ombo.

MEN: Det blir òg ny  informasjon om utsiktene for JØSENFAST ved vegplanleggar Bjørn Alsaker frå Statens Vegvesen.
Ordførarane i Finnøy og Hjelmeland stiller òg.

FaceBook

 

"KorLøye" - det "temmeleg-useriøse-berre-for-å-ha-det-løye"-koret - har hatt ein velfortjent og lang sommarferie. Me hadde jo tross alt hatt 5 eller 6 øvingar og to tunge konsertoppføringarTongue out.....joda, gjengen trengte definitivt ein pause. Men NÅ ER PAUSEN OVER: og me vil ha med fleire....

...
FaceBook

Eldretreffen startar opp att 7. oktober kl. 10.00, etter lang sommarferie, og Olga fortel at dei ynskjer seg fleire med på sine treff i Trivselståvå. Dei prøver og å få til ein tur i ny og ne, og har bl.a vore i Trodlatysdal. Så er du pensjonist på Jøsneset og vil vere med denne spreke gjengen, så er du velkommen!

Datoar i haust blir: 7. okt.- 21.okt. - 4.nov.- 18.nov.- 2.des.- 16.des. Kl. 10.00 på Trivselståvå. Då det er middagsservering, må du melde deg på til Olga Hjorteland, tlf 51751947.

 

 

FaceBook

Helselaget startar opp att med sine faste damekveldar, der alle damer er velkomne til å ta ein drøs og ein kaffikopp! Siste torsdag i kvar månad kl. 20.00 på Trivselståvå. Sjå lapp for førstkommande torsdag her.  

FaceBook

Fredag kveld 24.09 kunne folk på Jøsneset levere inn klær og anna utstyr til Romania. Transportøren til innsamlinga fortel at bidraga frå Jøsneset var langt større i år enn i fjorSmile. Den store overbygde tilhengaren blei HEILT FULL av klær, utstyr og anna.  Hengaren er nå, lørdag formiddag, kjørt inn til Sand. Der blir bidraga lasta over på den store traileren som skal frakte dette til Romania. Også den er SMIKK full, og vel så detSmile. Det er Inger Apeland i Suldal som koordinerer innsamlinga, og traileren består av bidrag frå heile Suldal - og oss på Jøsneset inkl Eiane. Og her går det unna: for traileren tek av gårde til Romania allereie i kveld (larudag 25) !!

Og bidraga kjem direkte fram og til ein plass som treng det. Bidraga blir levert til ein provins i Romania der dei treng stor hjelp, og der ein barneheim er sentral i distribueringa. Barneheimen får mykje utstyr, men det blir òg sortert og fordelt ut til dei som treng det elles i området. Arrangøren fortel òg at dei set saman gåvepakningar som blir delt ut som julegåver til dei som ikkje har så mykje anna.

Transportøren fortalde om ei rumensk dame som var her i Norge på ferie, og ho spurte etter kor i Romania utstyret blei sendt. Då arrangørane fortalde kor det blei frakta hen, kom dama på gråten av glede: for ho visste at der kom det virkeleg til nytte Wink.

God tur til trailersjåføren!

FaceBook

Vekst i bygda.....det er godstoff for josneset.no. Og nå er det på Fosså det veks !!
Me ønskjer ho Bengt Ove hjarteleg velkommen til bygda Tongue out

FaceBook


.................kanskje du skò unna deg ein liden "time-out" i jaktingå i år:

  Ta turen til HJORTAFESTIVALEN I VINDAFJORD.....dei slår til med eit langt og variert program med alt frå hjorte-vin-kurs til kåring av brunstbrølemesterYell
Garantert noko for Jøsnesbuar  !

FaceBook

 På oppdrettsanlegget på Fosså er det utplassert ein værstasjon - og på den måten har me kunne få heilt oppdaterte, og svært lokale værobservasjonar for bygda vår. Flott, ikkje sant!!  På vår nettside er det lagt ut link til www.vindkast.no, slik at det skal vere enkelt for dykk jøsnes-side-brukarar å få opp værstasjonen.

Pga omlegging av Marine Harvest sitt nettanlegg har stasjonen mista kontakt med internett - og dermed står stasjonen i fare for å bli nedlagd.

VINDKAST.NO ønskjer å få ein oversikt over brukarar og om det er ei teneste det er ønskje om å vidareføre. Dei ønskjer di meining, så følg linken HER for meir info. Vindkast er òg på jakt etter sponsorar for vidare drift. 

 

FaceBook

Har ikkje du heller hørt om "Jøsneset sykkelklubb" nei ??

Vel det er ein relativt ukjent, nyoppstarta og eksklusiv liten "klubb"....men kan sjå ut som den er i god vekst. Sist helg var det kun eitt medlem. Denne helga var medlemstalet dobla, og begge trør til.

Sist helg var det Marine Harvest Rittet 41 km  Hjelmeland-Tøtlandsvik t/r.
Her deltok Sven Westersjø, og her finn du RESULTATLISTA. Sven trødde inn til ein fin 29.plass med tida 1.31.37.

Denne helga var det ScanaRittet 52 km på kryss og tvers i Strand.
Då hadde Sven fått dobla deltakinga frå "Jøsneset Sykkelklubb" og fått med seg na Ingeborg. Og denne helga var det Ingeborg Westersjø som trødde til med flott delt 5.plass i kvinneklassen pulje 1 med tida 1.49.49, og her finn du RESULTATLISTA. Supert å slå selveste Gunn Rita med over 10 minLaughing

Sven trødde òg bra til, men ca 1 mil frå mål punkterte sykkelen......og sidan det er dårleg med følgjebilar m/supporterteam og ekstrautstyr i "Jøsneset Sykkelklubb" måtte han diverre parkere på Tau... i staden for i mål på Jørpeland.

Folkens .....me følgjer ivrig med på utviklinga i "Jøsneset Sykkelklubb" i tida fraover...og gledar oss til eit langt og triveleg årsmøte med masse goe kakerCoolTongue out

FaceBook

I løpet av sommaren er det blitt busetjing i tre hus i Knutsvik;  ein vekst på tilsaman 7 personar. Deriblandt er Knut Foss m/ familien som flytta frå USA til heimgarden i Knutsvik. Dei har me seg to gutar: ein i 7.klasse på Jøsneset og ein i 8.klasse på Ungdomsskulen :-)

Siste bidrag på vekstraten i bygda kom på Åsland denne veka: ein gut blei født Kiss og me gratulerer far Eilef og mor Jorunn og storesøstrene:-)

Tilsaman altså 8 nye "bygde-borgerar" som me ønskjer hjarteleg velkomne !!

FaceBook

Til alle som har barn frå 1. til 10.klasse:

Hjelmeland Idrettslag orienterer om oppstart handballtrening, og ønskjer nye spelarar velkomne.

 Treningstider håndball 2010-11, Hjelmeland Idrettshall.

 1 kl jenter/gutter onsdag 17.30-18.30 oppstart 8 sept

2-3 kl jenter/gutter torsdag 18-19 oppstart 9 sept

4-5 kl jenter/gutter tirsdag 17-18 oppstart 7 sept

6-7 kl jenter tirsdag og torsdag 19-20 (disse jentene skal frem til ca 5 okt trene på onsdag kl 19.30-20.30 oppstart onsdag 8 sept pga fotballen.)

6-7 kl gutter tirsdaag 18-19 oppstart 7 sept

8-10 kl jenter/gutter torsdag 20-21.30

 

Tirsdag 7 sept kl 16-17 skal Siri Viga ha ett trenerveiledningskurs i hjelmelandshallen . Her er alle hjertlig velkommne enten dere er trenere eller ikke.

 Hjelmeland Idrettslag har eigne nettsider. Følg med HER

FaceBook

Som nemnd i tidlegare artikkel har me hatt Grand Opening på Jøsnesets Nye Scene - ein fantastisk fin bygdefest der talent etter talent trilla fram utpå scenekanten...utruleg kva den vesle solbygda fostrarCool Me etterlyste foto, og her er eit lite knippe innsendt av Lene Hjorteland og Jorunn Foss:

peik på bildet for å få tekst, klikk på bildet for å få det større.

images/ung/opning1s.jpg   images/ung/opning2s.jpg

images/ung/opning3s.jpg   images/ung/opning4s.jpg

images/ung/opning5s.jpg   images/ung/opning6s.jpg

images/ung/opning7s.jpg   images/ung/opning8s.jpg

images/ung/opning9s.jpg

Me har enda ikkje bilder frå ALLE innslaga. Send gjerne inn dine blinkskudd til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

FaceBook

Bygdarådet og Ungdomslaget inviterte sist helg alle ungdommane frå bygda mellom 18-35 år til "kafe-treff".

Heile 15 stk møtte opp - dei fleste bur i byen nå.

Kva skal til for at du skal flytte him til Jøsneset?
Kva kan me gjere for at bygda skal bli meir attraktiv for ungdom/småbarnsfamilar?

Dette var tema som blei diskutert, medan røykelaks, eggerøre og kaffekanner sveiv rundt kafè-borda.

Alle hadde synspunkt, og her er nokre av innspela:

- utleigebustad i bygda - for å "prøve-bu"
- hyppigare ferjeruter, eller aller helst: bru øve fjorden
- betre kommunikasjon mellom ferjene her og der.
- start-pakke-tilskudd frå kommunen
- reduserte kommunale gebyr for førstegongsetablerarar
- fine tomter - ikkje i felt
- sosiale arrangement t.d. konsert, revy - jf ny scene
- meir fleksibel bruk av Trivselstova
- jobbmuligheiter

Det blei òg kommentert at det skal passe for både den eine og den andre: og gjerne kan den eine vere gira på bygda, medan partneren er gira på byen. Det kan òg vere vanskeleg å få det til å klaffe med jobb for begge jf yrkesvalg.
Hm- kva gjer me med slikt??

Bygdarådet og Ungdomslaget fekk eitt og anna å bryne seg på framover.
Sikkert er at me i bygda bryr oss, og ønskjer ungdommane velkomne som framtidige Jøsnesbuar ein gong.

PS: Bygdarådet brukte ungdomsmøtet som utgangspunkt for si uttale til ny kommuneplan som dei har sendt til kommunen.

FaceBook

laurdag 12.sept blei den nye scenen på Jøsneset opna med brask og bram.

Mellom 130-140 gjester benka seg saman i "storstova" denne kvelden.
Kulturleiar i kommunen Eldfinn Austigard overbrakte dei offisielle ord i samband med opninga, medan Jone Hjorteland "gjorde jobben" og klippte opp den sorike fana: dermed opna òg sceneteppet seg opp !!

Det to timar lange programmet gjekk vidare slag i slag, og inneheldt følgjande:

- Barnehageborna med rørande song - som smelta alles hjerter
- Skuleborna med opptrinn, morsom sketsj og artig talekor
- Kulturskuleinnslag med Malena Altamirano med trillande tonar på tverrfløyte
- Rektor Rasin Tjeltveit og Svanhild H Gbada orienterte litt om prosessen for å få til scenen.
- Tenåringsgutta, dei såkalla "Banana Boddes and friends" trøkkte til med mest lyd, sprøast humor og kulaste gitarvridningar.
- Fotokavalkade: smått og stort frå bygdelivet dei siste åra.
- Siri Hjorteland sang to nydlege låtar "Tirnanoir"  Vamp og "We are the champions"  Queen.
- "Bykvigene" (dvs: dei-forhåpentlegvis-midlertidig-utflytta-unge kvinner-frå-Jøsneset) slo til med eit megakomisk innslag "Miss Jøsneset-kåring"- slik du aldri har sett ei jøsnes-tøtta før!
- Kåseri v/Silje Sværen med pussig start-koffert for nyinnflyttta Jøsnesbuar
- Kåring av vinnar fotokonkurransen "Min Jøsnes-sommar 09":  Lise Tjeltveit med "Sure bær"
- Allsongen "Det e her me hørre te" i ein omskriven Jøsnesvariant v/tekst Anne Hjorteland
- Og heilt til slutt drog salen til med "Happy birthday" for 50årsjubilanten Terje Auglend.

Det heile hadde lokalt og ungdommeleg preg - og her var det jammen mange flotte talenter til å vere så lita bygd !!

Arrangørane Jøsneset Ungdomslag og Jøsneset Bygdaråd takkar ALLE som deltok med innslag og hjelp denne kvelden.

Ikkje minst: takk til "back-stage-teknikarane" Tor Olav Følgjesvold og Eirik Fossaa - som hadde den vanskelege og "nye" jobben med å styre lyd og lys (noko me aldri har hatt på Jøsneset før). Dei klarte eld-dåpen med glans !!:-) Takk òg til Jøsneset skule og Jøsneset barnehage, som bidrog for fullt.

Totalt sett blei det ein flott fest -
som fortsatte med sal av varme lakserettar, pølser, brus og kaffe - drøs og raddel.
Etterpå blei det "dansefest" for dei over 18 år med DJ -musikk.

PS: VISS DU HAR FOTO FRÅ OPNINGSFESTEN, SÅ SEND OVER til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. - Nettredaksjonen har desverre ingen bilder.
PPS: Slå opp på side 12 i papirutgåva av Bygdaposten 18.09 - derfinn du både bilder og lesestoff om festen.

FaceBook

......"Min Jøsnes-sommar 2009" er nå kåra:

Vinnaren blei LISE TJELTVEIT med det nydelege motivet "Sure bær!"
images/konk1s.jpg

FaceBook

Boka på Fosstemmen har blitt våt og ødelagt. Den blei derfor tatt inn sist helg. Den er tørka og lagt opp att. Det vil bli lagt opp ei ny bok snart.

Helselaget

FaceBook

Nasjonalforeningen for folkehelsen (NFF) har sendt ut et forslag til nytt handlingsprogram for perioden 2010 til 2014. De har lagt opp til ein brei prosess, der heile organisasjonen skal få uttale seg. Dette inkluderer også medlemmer. Styret i Jøsneset helselag jobbar for tida med ein høyringsuttale, blant anna er vi ikkje enige i at temaet "barn og familiar" skal fjernast frå handlingsprogrammet. Høyringsuttalen vår kjem vi til å legge ut på nettsida når den er klar. Dersom nokon har innspel til høyringsuttalen som laget vårt skal sende, så tek vi gjerne i mot det. Send det på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller sei frå til ein i styret.

Forslag til ny handlingsplan finn du her. Handlingsplan med kommentarar finn du her.   

Helsing helselaget.

FaceBook

Fristen for å sende inn sommarbilder er nå ute.
Me mottok 26 fine bilder.

Nå skal juryen setje seg samen; det blir nok ei vekes jobbing Kissfor å kåre vinnaren i denne knivskarpe konkurransen.

Premiering skjer på sceneopningsfesten laurdag den 12.09.09

FaceBook

Hausten er over oss med vakre fargar og flott vær - og det er jaktsesong både på elg, hjort, rådyr og  småvilt.images/JUL/Bilder/jakts.jpg

FaceBook

Kommunen lyser nok ein gong scenetilbygget til Jøsneset skule ut på anbud !!

Anbudskonkurransen gjeld bygging av scene og lager til gymsalen; eit tilbygg på 76 m2. Oppdraget omfattar grunnarbeid m/sprenging, tømmer- og elektroarbeid. Interesserte kan ta kontakt med teknisk leiar Jorolv Rivedal, 51 75 70 51 innan 1.okt

Så nå folkens :
kjenner du til eit firma som kan vere interessert i eit slikt oppdrag - SÅ TIPS DEI !
!

Sist anbudet var kunngjort meldte det seg ingen interesserte. Dersom me ikkje får nokon til å bygge, ser det spøkje ut for realisering av scenen !  Tilbygget er byggegodkjent, det har vore avhalde kartforretning og finansieringa er klar - så det ville vore svært synd om me ikkje fekk det realisert nå som me er nesten ved målet ! Som kjendt har Jøsneset Ungdomslag gått inn å garantert for litt over 200 000,-.

Målet er å bli klar til neste påske-revy - elles spøkjer det kanskje for den òg ???

 

FaceBook

På grunn av arbeid på ferjelemmen på Nesvik, vil altså biltrafikken bli leda via Jelsa frå og med tirsdag 23.09  til og med torsdag 25 september. Her er ruteplanen for den perioden:

 

 Jelsa Skipavik Til Hjelmeland
07.10
 07.5008.05
09.20 10.10
10.25
11.4012.30
12.45
14.00  14.5015.05
16.30 17.20
17.35
19.00 ---
20.05
21.20
---
22.25
23.40
00.15

00.35

 

Hjelmeland

 

Skipavik

 

Til Jelsa

05.50--- 07.05
08.10
 08.30 09.15
10.3010.5011.35
12.5013.10 13.55
15.20
15.40
16.25
17.50
18.10
18.55
20.10
20.30
21.15
22.30
22.50
23.35

 
Passasjertrafikken mellom Nesvik og Hjelmeland går i same periode med hurtigbåt, og vil følgje ordinær ruteplan.  

FaceBook
Dei falma merka langs turstien frå Bastli til Røssenibben er nå friska opp att med ny raudmaling, og stien er nå godt merka igjen ! Med eitt lite unntak: like før toppen tok malinga slutt, og siste biten på denne trasèen er difor ikkje oppfriska. Her er likevel merka både med maling og nødlingar, så ein finn fram - men malinga er litt værslitt og falma.  Me oppmodar: nestemann som skal til Røssenibben: ta med ein liten skvett raudmaling, og fullfør merkinga heilt til topps !!images/JUL/Bilder/ros1.jpg
FaceBook

Me viser til tidlegare informasjon om at ferjesambandet Nesvik-Hjelmeland blir stengt frå tirsd 23 kl 06.00 til fredag 26.09 kl 05.30. Biltrafikken blir i perioden leda via Jelsa.

Vegvesenet opplyste først at passasjertrafikken skulle løysast med hurtigbåt morgon og kveld.  Etter påtrykk frå kommunen har dei nå revurdert dette, og Vegvesenet melder nå at hurtigbåten vil i den nemde periode gå til ordinære ferje-rutetider - dvs heile dagen og kvelden !

FaceBook
Det har nå kome eit skriv angåande stenging av ferjekaien på Nesvik. Sjå dokumentet her
FaceBook

Det var eit kjempebra vær på årets Frukt- og laksefest i Vågen på Hjelmeland. Standen til Jøsneset synte godt att og hadde fått ei fin plassering nede på kaien, og fekk masse besøk frå folk frå land og strand.

Jøsnes-stand på Frukt- og laks                images/JUL/Bilder/fol1s.jpg

FaceBook
Facebook