Du lurer kanskje på kven frå Jøsneset som stiller på politiske lister til årets kommuneval, kva parti dei representerer og kva dei står for ??  I stadan for eit lokalt debattmøte, har Bygdarådet nå gjort ei lita skriftleg utspørring av kandidatane og nedanfor finn du svara frå den enkelte.



SPØRSMÅLA VAR:


1. Nemn 3 saker/tema du synest er viktig og betyr mykje for Jøsneset?

2. Kva syn har du på ein ferjefri Ryfylkeveg?

3. Er du for eller imot kommunesamanslåing?

4. Dersom kommunane vert tvungne til å bli slegne saman, kva kommune/kommunar bør Hjelmeland slå seg saman med?

5. Kva meiner du skal til for at Jøsneset fortsatt skal vere ei livkraftig bygd?

Les svara frå kandidatane ved å klikke på namna deira:

SILJE SVÆREN, SOSIALISTISK VENSTREPARTI

EILEF FOSS, SENTERPARTIET

SOLVEIG BOG BOUZANE, KRISTELEG FOLKEPARTI

SVEN GJIL WESTERSJØ, SENTERPARTIET

LARS REIDAR NESVIK, VENSTRE

UNNI FOSSAA, HØGRE

ARTHUR WESTERSJØ, ARBEIDARPARTIET

JARLE LANGVIK, FRAMSTEGSPARTIET (har ikkje sendt inn svar).

 

I år har me altså mange gode Jøsnes-kandidatar å velje mellom , og dei er alle opptekne av vår felles framtid her i bygda.

Me minner om at du på stemmeseddelen din  kan krysse av på lokale folk, for å gi dei litt ekstra stemme. Du kan òg føre på lokale listekandidatar frå andre parti over på di liste.

MEN DET VIKTIGASTE AV ALT ER AT DU IKKJE SLIT UT SOFAEN DEN 12.SEPTEMBER  - BRUK STEMMERETTEN !!!

MØT OPP PÅ DET LOKALE VALLOKALET : JØSNESET BEDEHUS 14.00 - 20.00 12.september.

Husk det store valmøtet på Hjelmeland Samfunnshus onsd 07.sept kl 19.30.....der stiller iallefall ein av jøsneskandidatane til debatt.

Meir om kommunevalet finn du på HJELMELAND KOMMUNE SI NETTSIDE.

FaceBook
Facebook