Det gjekk unna på julekakebake-kjøkkenet på Grendahuset mandag kveld. Det blei goro og fettbrød, berlinerkrans og tyske skiver, snøballar og vepselbol, crakle cookies og peppermyntegodt....Ja, det blei steikt og trilla, kjevla og pynta, steikt og stabla...og, joda, det blei litt sukk og stønn over deigar som oppførte seg ustyrleg og steikeresultat som ikkje blei heiiiilt slik i "reklamen" -  Men alt var gløymd då kakefata stod på bordet, og det blei knasking og smatting og testing av sort etter sort etter sort.  Julebaksten på Jøsneset er unnagjort !!

  

Kakene i front er Tyske skiver: Her er den håndskrevne oppskrifta til "onkel Ernst" som var bakar ved Samhold bakeri i Stavanger. Mengde vaniljesukker er 1-2 ts, varme er 180 grader og steketid til dei blir lett brune rundt kanten. Ca 10 min

Nei, dette er ikkje potetkaker. Men ja: dei er steikt på takke. Dette er FETTBRØD, som er ei god gammal tradisjonskake frå Gudbrandsdalen.  Og her er oppskrifta: 175 gr smør/margarin, 175 gr sukker, 175 gr smult, 500 gr hvetemel, 2 dl melk, 2 ts kardemomme.  Bland alt det tørre i en bolle. Smuldre inn margarin og smult. Rør inn melk til slutt. La stå kjølig gjerne til neste dag. Kjevles tynt ut. Stikk ut ca 12 cm store brød. Stekes på middels varm takke og tørkes deretter på rist. Serveres til kaffe   

Julekakebakekvelden når sitt høgdepunkt då me kjem til kapittelet som heiter SMAKE !!  Då blei det erfaringsutveksling om oppskrifter, steiketider, kjevleteknikkar, tradisjonar, deigkonsistens osv.......og det tar både ein og to kaffekoppar å smake seg gjennom heile 8 forskjellige sortar. Men kakefata på borda blei tomme, og kvelden blei avslutta med å fylle opp ei mengd med kakeboksar og fordele alle 8 sortane heim til den enkelte.

Joda. Den tradisjonelle julekakebakesmake-kvelden på Jøsneset blei både kjekk og nyttig........og GOD JUL !!

 



 

FaceBook
Facebook