På bygdarådsmøtet i mars blei det avgjort at me skal halde fram med nettsida for Jøsneset. Det er sidan årsmøtet gjort nokre tekniske oppgraderingar. I kveld hadde med besøk av Lars Skipevåg, som me har supportavtale med ift drifting av sida. Dette blei ein nyttig kveld; med hjelp, råd og tips om rydding, strukturering og publisering. Det blei ein travel kveld, så travel at fotoet bli uskarpt Det blir litt rydding i menyar og artiklar utover hausten; undervegs kan ting sjå litt halvferdig ut.....nesten litt slik som på ferjekaien på Nesvik for tida ...Men me får seie som Statens Vegvesen : DET BLIR BRA til slutt
Nytt frå Strandbuen
- Karen og Ida Helene fann meir enn felles interesse i nytt valfag
- Strand vil ha to nye prosjektledere – disse har søkt
- Ingen fastleger i Strand har plass til flere pasienter – så lange er ventelistene
- Tar ventelistene på alvor: Særlig 41 personer blir prioritert
- Adrian (20) var ein av få på sin alder på Ryfast-møtet: – Mange unge tenker ikkje på at det er dei som skal betala lengst