I desse agurktider skal ein ikkje kimse av små hendingar i bygda. 
Her kan du lese og sjå bilder av kva juleforberedelsen går ut på.

I dag blei det støypt ny juletrefot til julegrana som skal stå ved brannstasjonen i desember. 
Jostein Hjorteland stilte fra Bygdarådet, og fekk god dugnadshjelp fra Lars Bog. 
Saman støypte dei ein stor og "fin" juletrefot. Nå skal den få stå og tørke litt, og så blir det kanskje eit strøk maling?! 
For ordens skuld blei det rissa inn årstal – så om nokre år blir det nok eit av spørsmåla på naturstien på 17. mai.
Det føles kanskje lenge ut til jul, men plutselig er det tid for gløgg og juleribbe igjen. Me er i alle fall godt i rute!

FaceBook
Facebook