Siste nytt
Festmiddag med Eldretreffen
På Jøsneset skule driv de denne vinteren på med å gjere ting for siste gong! Mange fine tradisjonar går nå inn i historia, ein for ein. Ein av dei verkeleg trivelege tradisjonane skulen har drive med i fleire år nå, er at skulebarna lagar til eit skikkeleg middagsmåltid og ber heile Eldretreffen inn til gjestebod. Dette skjer i faget "mat og helse". Men det er ikkje berre mat de lærer om i faget; de lærer òg om å dekke bord og gjere eit måltid til ei underhaldane og god oppleving for gjestene - og DETTE er noko borna på Jøsneset skule verkeleg kan nå!
Send inn foto og film
Jøsneset skule si over 120 år lange historie går mot ein slutt - og denne hendinga blir markert med ein stor avslutningsfest fredag 13. juni 2014.
Me i festkomiteen ønskjer så mange som mogleg med røter til Jøsneset og/eller tilknytting til Jøsneset skule hjarteleg velkommen til festen. Me snekrar allereie på festprogrammet, og me skal sørgje for at det blir ein flott og verdig avslutning for den lange skuledrifta.
Me ønskjer oss òg foto frå skuletida, og gjerne ei videohelsing.
Det går nå ut eit skriv i alle postkassar i bygda der dette er nærare forklart.
Les skrivet HER
Set av datoen - møt opp og/eller delta med foto eller videohelsingar.
Med helsing
Festkomiteen
Fruktdyrkar Jostein på NRK-lokalen
Mandag 17.mars var fruktdyrkarane i Rogaland samla på ein av dei mest moderne frukthagane i landet; på fruktsafari til Ombo. På ferja på veg heim fekk NRK ein liten prat med Jostein Hjorteland, fruktdyrkar på Jøsneset og Eivind Lodèn fruktdyrkar frå Børøy. Høyr om deira utfordringar i innslaget her på NRK-Lokalen Radio.
Info frå Bygdarådet
Odd Fosså blei på årsmøtet i Bygdarådet vald til ny leiar. Det nye styret har elles konstiutert seg slik: Sven Westersjø kasserar, Cesilie Wåland innkjøpsansvarleg, Unni Fossaa(ny) Trivselstoveansvarleg og Svanhild Hjorteland Gbada(ny) sekretær
Kom på kaffekos og drøs
CESILIE PÅ NAUSTE INVITERAR: "Kom på Nauste til kaffidrøs og litt sosialt treff kl17-19 kvar lørdag Gratis kaffi og te for alle som kjem innom. Sett deg ned på terassen viss været tilater det eller inne i sittekroken. Alle er velkomne både barn voksne ungdommer reisende og dei som har lyst å ta ein liten pause i kvardagens mas og jag. Ta gjerne med kortstokken++ og innviter til spill. Begrensa sitteplasser inne, men det lar seg vel løysa! Kjekt viss DU kjem" MVH Cesilie
Ryktet går blandt jernmenn i byn......
...kun 37 dagar igjen !!
Tysdag 25.mars kl 18 Trivselstova
Me inviterar heile bygda på vaffelkos, sjå heile plakaten HER