Info om stadnamnprosjektet
Me er godt i sving med å kartfeste lokale stadnamn frå Jøsneset. Første treff var i Trivselstova i haust; og etter det er det delt ut mange kart som folk rundt i bygda skriv inn namn på. Og me har alt fått inn mange namn, mange namn er plotta inn på digital kart og fleire kjem.
God Jul frå Håvehammar
Sola svikta ikkje Solbygda på Juleafta likevel....innimellom stormkast og heftige byger blei det 2-3 flotte ettermiddagstimar på julafta med blå himmel og sol...som eit lite mirakel...God Jul frå Håvehammar.
Juleforteljing frå VONI anno 1928
HER kjem ei jule"gåve" frå VONI og Jøsneset Ungdomslag. Ungdomslaget har jo mange årgangar av VONI (seinare VONA) heilt tilbake starten av 1900-talet. VONI var på ein måte då-tidas "nettside" for Jøsneset. Folk i bygda skreiv i boka, dei les opp historiene på ungdomstreffa og boka gjekk slik på omgang frå treff til treff - til glede og underhaldning. HER skal de få ei orntleg juleforteljing. Denne er henta ut frå VONI nr 3, skriven 20.12.1928, altså nesten 100 år gammal. Litt uklart kven som er forfattaren, med redaktøren den gong var Otto Hiim.
Kanskje de nå kan gjere som bygdefolket i 1928, lene dykk tilbake og få nokon til å lese høgt frå VONI! Julestemning blir det garantert !
God Jul til folket - og drøym om "lefser som skin som tiriltunger i eldskinet"
Julematen er i hus
Mandag kveld møtte spende kursdeltakarar og minst like spende kurshaldarar opp på Bøen for å sikra bygda sylte og lammerull til jul.
Julebadet unnagjort
Om du lurte....jada, julebadet er unnagjort!! Og det ser ut som det friska opp og gjorde godt for dei to "himvendte" bylærarane Lene og Lise. Og Lise er historisk; første badar austafor Fosskrossen - dette lovar godt for fortsettelsen!
Julehelsing fra Bygdarådet
Bygdarådet avsluttar eit hektisk år med denne elleville julehelsinga. God fornøyelse!
Julebad
For den som trudde Julebadet var unnagjort....det er feil, det skjer i dag i Kogekjellå på Foss kl 16.00. Ferierande julegjester og himkomne ungdommar er særskildt oppfordra til å ta seg ein frisk dukkert i lag med urinnvånerane Bli inspirert her: