Nytt frå Strandbuen
- Dette er lokalfotballens 30 største tenåringstalenter – lokal kar på lista
- Toppleilighet totalskadd – brannvesenet måtte håndtere flere store utfordringer
- Beboere på Jonsokberget var tett på brannen: – Alle vinduer ble raskt lukket
- Her brenn det i toppleilegheita som Karstein og kona skal flytta inn i
- Megler jobber med å få oversikt: – Trist start på dagen
Siste nytt
Julehelsing fra Bygdarådet
Bygdarådet avsluttar eit hektisk år med denne elleville julehelsinga. God fornøyelse!
Julebad
For den som trudde Julebadet var unnagjort....det er feil, det skjer i dag i Kogekjellå på Foss kl 16.00. Ferierande julegjester og himkomne ungdommar er særskildt oppfordra til å ta seg ein frisk dukkert i lag med urinnvånerane Bli inspirert her:
Liten skule - stor julekveld
Joda, Jøsneset skule er liten, men likevel kan dei 21 elevane kunsten å lage program og underhalda mykje folk! Torsdag 19des inviterete skuleelevane begge bygdene Jøsneset og Jøsenfjorden inn til tradisjonell bygdekveld - og her var det litt av eit program med song, dans, rollespel og musikk i nesten 1 1/2 time utan pause - Fantastisk, flott, rørande.. og litt vemodig...for dette var siste gong nettopp slik bygdekveld blir arrangert.
Nissetreff i Kogekjellå
Laurdag 14 desember var det tid for både julebad, julegraut, julegløgg og sjølvsagt "sprang" rundt juletreet. Det heile i og rundt Kogekjellå på Foss - og utdeling av mandariner frå ein veldig snodig firbeint Nisse ved namn "HelgøyPrinsen"....ja og så var lokalavisa STRANDBUEN på besøk og laga både avisreportasje og videosnutt.
Klikk på bidet for å sjå videosnutten:
Volleyball UTGÅR 18.des
Pga rigging og førebuing til Bygdakvelden på torsdag 19 blir det ingen volleyballtrening onsd 18.des.
Men.....kva med ein liten romjuls-volleyball-turnering??
BYGDAKVELD - JUL OG TRADISJONAR
JØSNESET SKULE INNBYR ALLE, BÅDE STORE OG SMÅ I BEGGE BYGDAR, TIL BYGDEKVELD, TORSDAG 19.DESEMBER KL 18.00 på JØSNESET SKULE. TEMAET ER: JUL OG JULETRADISJONAR.
Dette er aller siste gong Jøsneset skule innbyr til førjuls-bygdekveld, så møt opp!
PROGRAM: Gjennom song, dans og rollespel hjelper elevane oss med å skape den rette julestemninga. MATØKT (me høyrer rykter om at elevane har baka til jul.....). Bilett kr 20,- for dei over 12 år.
Julebad, Julegraut, Julegløgg !
LAURDAG 14 des kl 16.00 , Kogekjellå i Krogane på Foss
Bli med på årets friskaste julesamling ute i friluft. Det blir bading, så har du lyst på ein frisk dukkert, så finn fram badeklær, nisselue og hopp uti !!
Men har du berre lyst på julekos, så fyrer me opp bålpannå og tenner juletreet, og alle får kose seg med varm graut og varm gløgg - så her blir det stemning...Graut+gløgg=kr 20. Så blir det gang...eller kanskje "sprang" rundt juletreet,,,,og det blir besøk av ein slags "nisse-avis-mann"udante......og kven veit, sidan du er på Jøsneset, så kan det jo hende det dukkar opp ein kjendis òg?? Bli med å feire jula, bygda og livet i den friske lufta - med velkomsthelsing til ALLE store og små frå Helselaget v/ Svanhild og Den Glade Badegjeng
......me lurer på om nissen tør å bade i år ??