Mørklagd bygd
I ca ei veke har ein møtt dette "synet" når ein kjem inn i bygda mot Skiftu-krysset og skuleområdet: altså totalt mørklagd. Kun skiltrefleksar som lyser. Trist syn. Alle dei 9 gatelysa som står langsmed fylkesvegen og opp til og i skuleområdet er mørke. Feilen er meldt til Lyse, og nå blir det spennande å sjå om det blir ei LYS(e) helg...PS: dette er altså ikkje del av kommunen si innsparing, slik nokon visst har trudd.
Feil på gatelys kan meldast til Lyse HER, eller driftstelefon 51 90 88 17
Bli med på INNEBANDY
Gymsalen, Jøsneset skule,
onsdag 9.okt kl 19.00.
Opent for ALLE
frå ungdomskulealder og oppover.
God trim, god konkurranse og møje løye
Fellestur søndag 6. Oktober
Søndag 6 oktober arrangerer helselaget fellestur frå Åsland til Fosstemmen.
Oppmøte kl 10:30 ved parkeringsplassen på Åsland.
Ta med grillmat. Helselaget serverer kaffi og drikke i gapahuken.
Turen er i nydeleg natur og den passar like godt for barn som vaksne.
Vel møtt
Flott blomstring på Fosså
Syrinhortensiaen på Fosså står framleis i full blomst akkurat nå i månadskifte september/oktober, sjølv om blomstringstida nok snart er over. Men den er eit syn!! 2-3 m høg og nesten enda breiare; og fullspekka av store flotte,luftige kvitrosa blomsterklasar. Blomen på Syrinhortensia minnar litt om syrin, men er mykje større og blomstrar altså utover seinsommar/haust. Blomen er veldig dekorativ og fin å ta inn som snittblom. Dette eksemplaret trivst tydelig veldig godt på denne lune plassen på Fosså. Foto: Ellen Mari Fosså. Send oss gjerne bilde frå din hage; kanskje du òg har noko fint som blomstrar eller er fin på andre måtar nå på hausten: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..
Romaniainnsamlinga
Til alle dykk som bidrog i Romaniainnsamlinga: Inger Apeland i Suldal er "primus motor" for dette humaniære arbeidet. Ho takkar alle bidragsyterar gjennom eit lesarinnlegg i Suldalsposten:
Stadig nærare nedlegging
Nedleggingssaka om Jøsneset skule går mot ei ny politisk behandling. Trass i fleire innspel frå bygda her; Samarbeidsutvalet, Elevrådet og Bygdarådet der alle argumenterer for å behalde skulen, så går det stadig nærare ei nedlegging.
Saka blei behandla i Oppvekstutvalet 3.oktober: der blei det vedtatt samrøystes at skulen skal leggjast ned med verknad frå 01.08.14, Les sak og møteprotokoll HER
Saka skal nå vidare til Formannskapet 15.oktober og Kommunestyret 30.oktober.
Oppvekstutvalet hadde òg oppe ei sak om barnehagesituasjonen; og vedtok at det må greiast ut korleis behova i Årdal og Fister skal løysast, og elles skal det greiast ut fordelar og ulemper med privat drift av barnehagar, les saka HER
Herefjellturen "forsvant" i skoddå
Solbygdå klarer òg å vise seg som Tåkebygdå....slik som i dag, då Hjelmeland Turlag sin planlagde tur til Herefjellet "forsvant" i skoddå: Det hølja ned og Herefjellet låg kapsla inn i tåke. Ikkje forsvarleg å legge ut på den planlagde turen; ingen som møtte opp heller; klokeleg nok. Turlaget v/ Svanhild og Anne Kari tok i staden turen på Håvehammar. Sjå den flotte utsikten...Og deretter gjekk turen innandørs for varm te og nybakt eplekake. Absolutt ingen skam og snu !!