Valgdagen på Jøsneset
Politikarar kjem og politikarar går, regjeringar skifter.....men valpersonalet på Jøsneset består !
Rasin, Johanne og Olga er alle drevne i å passe på mantallslister og stemple på stemmeseddelen før den går ned i den godt brukte stemmeurna. Desse tre, og òg Elbjørg Tednes, har utført denne viktige jobben i "alle år"
Bru over Jøsenfjorden??
I følge Aftenbladet går Statens Vegvesen vekk frå tanken om underjøisk tunell under fjorden (det såkalla Jøsenfast), og vil heller utgreiie ulike alternativ for Jøsenfjorden bru. Alle alternativa inkluderer tunnell på Hjelmelandsida.
Les heile artikkelen i AFTENBLADET
Bra lokal innsats i Stavanger Marathon
Sist helg blei Stavanger Marathon arrangert, og det stilde Jøsnesbuar i alle tre distanseløpa: Marathon, Halv-marathon og 10 km.
Astrid Fossa Viga (ja, me reknar deg enda som Jøsnesbu: født og oppvaksen her, driv Mikal Laks her, men bur på Hjelmeland). Ho sprang inn til ein ny flott personleg rekord på heil-marathon (42 km) på den imponerande tida 3.42.10. Dermed kom ho på 7.plass i kvinneklassen totalt, og 3.plass i si gruppe K 45-49. Astrid har sprunge i nokre år, og må vel reknast som ein veteran i maratonløping; og har deltatt i fleire maratonløp òg i utlandet. Deltar òg på sykkelritt.
Jasin Hjorteland Gbada,14 år er debutant, og sprang sin første 10 km ever. Han fekk tida 37,27 og kom på 1.plass i si gruppe H14-15, heile 5,30 min før nestemann. Han kom på 13.plass totalt blandt ca 300 startande på 10 km, og blei altså slått av ei kvinne og 11 menn.
Jøsenfast skal utgreiiast
Samferdselsdepartementet har vedtatt av ferjefri kryssing av Jøsenfjorden; den såkalla Jøsenfast skal utgreiiast nærare i ein KVU. Dette kan du lese om i AFTENBLADET. Kan dette vere første vesle skritt mot ei framtidig realisering ??
Gratis båt frå dansekveld
Me har fått gladmelding om at det blir GRATIS båt heim frå lørdagsdansen på "Frukt og Laks" i år òg Båten går kl 01.10. Dansen sluttar 01.00. Det er "Goggen and the Pacemakers" som spelar coverlåtar og dansemusikk denne lørdagskvelden. Her finn du elles heile FRUKT-OG LAKS-PROGRAMMET FOR 2013.
Familiebading og Helsebading
Familiebading og Helsebading startar opp igjen Måndag 14.oktober.
Familiebading er frå kl 17:30 - 18:30 og er for nyfødd og til 6 år. Barnehageborn.
Helsebading er frå 18:30 - 19:30 og er for vaksne.
Me vil få lagt inn datoane i kalenderen til høgre når alle datoar er bestemt.
Fellestur frå Åsland
Fellestur frå Åsland til Fosstemmen
Søndag 6.oktober inviterer helselaget alle til å vera med på fellestur frå Åsland til Fosstemmen.
Turen starte 10:30 frå Åsland og det er ein tur for både små barneføtter, firbeinte og vaksne i alle aldrar.
Helselaget ordnar med varme i gruva, så ein kan ha med seg grillmat om ein ynskjer dette.