Nytt frå Strandbuen
- Luftrommet over Sør-Norge er midlertidig stengt – store forsinkelser i flytrafikken
- Kommunen frykter at elever skal bli tvunget inn i den offentlige skolen – uttaler støtte til private skoler
- Maria Gabrielle bodde hjemme til hun var 101 år – men det er flere år siden
- Fant mengder med tyvegods – er noe av dette ditt?
- Fekk telefon frå svigerson om brannen: – Heldigvis budde det ikkje folk der
Siste nytt
VINNAR: "Celine dansar heim frå Håvehammar"
Juryen i Jøsneset Ungdomslag har nå avgjort fotokonkurransen "Min Jøsnessommar 2013", og har kåra Andrea Loktu Vasseng (17) som vinnar med dette nydelege fotoet "Celine dansar heim frå Håvehammar". Juryen si grunngjeving: Eit nydeleg stemningsbilete med vakre kontrastar. Dei varme fargane får fram sommarfølelsen her.
Andrea vil få tilsendt eit forstørra print av vinnarbiletet i akrylglass. Juryen i JUL takkar for alle dei gode bidraga.
Me på Jøsnessia gratulerar òg ein masse til Andrea for det herlege vinnarbiletet. Me tar det med i minnet vårt utover den mørke vinteren: bildet av den lettføtte, glade jenta som dansar ut mot sommarkveldssola på Håvehammar. Fantastisk !
Sjå kven som kom på 2. og 3. plass, og kvifor ved å klikk LES MEIR. Der finn du òg alle andre innsendte foto
Solbygda-skiltet på plass
I mange år har Bygdarådet hatt dette flotte skiltet på lur, men no er det endeleg på plass!
Meld di interesse for fibernett NÅ
Me minner om at utbygging av fibernett på Jøsneset avheng av at innbyggjarane melder interesse for dette!
Lyse startar no med informasjonsmøte rundt i bygdene om utbygginga.
Meld di interesse ved å bruka denne linken.
Lyse har inngått ein avtale med Hjelmeland kommune om utbygging av fibernett; dvs eit svært mykje raskare og meir stabilt nett. Det vil vere mogleg for private, m.a her på Jøsneset, å kople seg på VISS DET ER EI VISS INTERESSE. Lyse kartlegg interessa geografisk, og hittil er det ikkje så svært mange som har meldt seg. Dersom ein ønskjer betre nett er det viktig å melde interessa NÅ. Les meir om dette hjå LYSE, der finn du òg skjema som du enkelt og uforpliktande kan melde inn di interesse.
Kjempegode moreller til salgs
Mandag kveld var det tendenser til trafikk-kaos i Fossåkrysset (ja, iallefall var me to bilar som stoppa der samtidig), for Runar Fossaa hadde fått opp salgsbordet med deilige moreller. Morellene er dyrka inne i drivhuset på Fosså, og Runar og pappa har plukka de, og Runar er altså salgsdirektøren. Utstyrt med campingstol og Donald-pocket, om ventetida skulle dra litt ut innimellom kundene. Morellene var store og saftige; 45 for ei korg og 125 for 3. Løp og kjøp.......håpar han er å finne der meir (viss ikkje, er det kanskje utsalg nede på Fosså, sjå etter skilt)
Kommunestyremøtet 19.06 på nett
Dersom du gjekk glipp av kommunestyremøtet den 19.06, der mellom anna Jøsneset skule blei vedtatt lagt ned, kan du nå sjå og høyre debatten på nett HER. Møtet blei sendt på nett på direkten, men det tok noko tid før det var å finne på opptakslista, men nå ligg det altså tilgjengeleg. Sjølve vedtaket i saka finn du HER.
Opningstider Mixn Nesvik
Melding frå Cesilie på Nauste Mixn Nesvik:
Vil berre minne folk om åpningstidene på Nauste er fra 10.00 - 21-00 alle dagar heile Juli
Skiftudal Open Avlyst
OJ EVENTS har sendt følgjande pressemelding:
" Grunna omstillingsprosjekt i OJ-Events blir årets Skiftudal Open AVLYST. Me beklagar på det sterkaste ! Det er vårt største ønskje at ballar på nytt fyk over netta allereie neste sommar. Me har på ingen måte lagt turneringa på hylla for godt.
Best regards Sekreteriatet !