Nytt frå Strandbuen
- Vil at datasenter på dette området skal gjøre et folkebad mulig
- William klippa snora til det han og bygda har venta så lenge på: – Håper neste Haaland kjem herifrå
- Strålende melding fra meteorologene – kan bli over 20 varmegrader
- Dette er konfirmantane i Hjelmeland
- Victoria (27) vil ha ny samtykkelov: – Jeg var heldig, men alle er ikke det
Siste nytt
Sommaravslutning skule/kulturskule
Jøsneset skule og Kulturskulen inviterar til sommaravslutning i gymsalen kl 18.00 torsdag 20.juni.
Det blir opptrinn av skuleelevane og musikkinnslag frå kulturskuleelevane.
Alle bygdefolk i begge bygder er velkomne
Framtida til skulen blir avgjort onsdag 19.juni
Kommunestyret i Hjelmeland skal ha møte onsdag 19.juni kl 16.00. Her blir m.a. framtida til Jøsneset skule avgjort.
Omstillingsprosjektet er sett opp som sak nr 2 på sakslista, sjå HER
Møtet blir som vanleg vist direkte på nett, sjå HER.
Velkommen til Jonsok-feiring
Søndag 23. juni er det igjen klart for tradisjonell Jonsok-feiring i Skiftu-stranda
Littera-turen
Likar du både litteratur og turgåing? Slå to fluer i ein smekk på søndag 16.juni. Bli med på LITTERA-TUREN.
Klart for snegleaksjon
Du har sikkert sett dei allereie - brune, slimete skapningar som tyt fram i hagen og i vegkanten. Søndag 16. juni blir det derfor felles snegleaksjon i bygda
Glad-løå
Om du lurer på kor skøyarfantane i bygda held hus ("held løe") - så er det altså i NESVIK !! Fin start på dagen på veg til ferja og båten
Flagg til topps i ny flaggstang
Frå ein glad nabo meldes det at Wyller fekk montert ny flaggstang i går 11.juni2013, og at flagget gjekk sporenstreks rett til topps ! Me veljer å tru at det var til ære for norske kvinners 100års stemmerettsjubileum(.....men sjølvsagt KAN det jo hende at det var for å teste stanga)
Uansett - fint er det med vaiande flagg i den grøne frodige bygda !
(Takk for tipset: me trur dette kjem under kategorien "smånytt", i skarp konkurranse med Jøsnespost-spalta !) Arkivfoto