Nytt frå Strandbuen
- Finner døde og levende dyr som folk har kastet: – Den ene katten jeg tok ut var fryktelig redd
- Så kaldt har det ikkje vore her på 13 år – meteorologen lover meir sol og kulde
- Hadia Tajik er i fare for å falle helt ut av rikspolitikken
- Brannvesenet rykker ut for å hjelpe noen som sitter fast i en heis
- Reagerer kraftig på kuttene også på andre siden av fjorden: – Det er ganske uforståelig
Streik i ferjesambandet
Norled melder at rute 1 i Nesvik-Hjelmeland sambandet er tatt ut i streik frå mandag 17.april kl 06.00
Følg med på driftsmeldingene på Norled s nettside www.norled.no eller Norled | Facebook
Møte på bedehuset 18. april
Det blir møte for Normisjon på Jøsneset bedehus, tysdag 18. april kl 18.30.
Talar er Aud Vihovde Hoftun.
Det blir kollekt til Normisjonen.
Alle er hjarteleg velkomne!
Vinnar av Påske-Quizzen 2023
Vinnar: Rune Egeskog
Spørsmåla til årets påskequizz var fordelt ut på 8 ulike postar i bygda. Sigurd Opedal og Rune Egeskog var dei to som besøkte alle postane, og svara..........
Flott gåve til bedehuset
Onsdag 5. april var det tid for den årlege påskebasaren her på Jøsneset. Solbygda levde opp til navnet sitt, og mange store og små hadde funnet vegen til bedehuset denne flotte vårkvelden. Som vanleg var det god stemning, god mat og mange håpefulle lodd-kjøperar. Styret i bedehuset hadde gjort ein imponerande jobb med å få inn flotte gevinstar.
I år hadde leiaren for Bygdarådet, Oddvar Skiftun, med ei ekstra gåve. Ved årsmøtet for Jøsnesnet Ungdomslag, tidligare i vår, blei det vedtatt at ungdomslaget skulle leggast ned, og at pengene skulle gå til bedehuset. Leiar for bedehusstyret, Ellen Mari Fosså, kunne difor ta imot eit gåvebrev på 190.000 kroner, som skal gå til større vedlikehaldsoppgaver på bedehuset.
Påsketradisjon "Min Jøsnespåske"
Påske = tradisjonar. Slik som gjengen her i Knutsvik: Møtes til PÅSKEBAD SKJÆRTORSDAG !! Dette skjer trass i litt guffen kald trekk og skyer akkurat denne dagen. Send oss FOTO FRÅ DIN JØSNES-PÅSKE ! Frå hagen, våren, rusleturen, fjelltoppen, fisketuren ....eller kva det er de finn på i påsken på Jøsneset. Foto sendast til på messenger til Jøsneset, eller på sms til 97007636. Påskebildene blir lagt ut på Jøsneset på Facebook.
Trur du heile gjengen hoppa i sjøen??