Nytt frå Strandbuen
- Strålende melding fra meteorologene – kan bli over 20 varmegrader
- Dette er konfirmantane i Hjelmeland
- Victoria (27) vil ha ny samtykkelov: – Jeg var heldig, men alle er ikke det
- Brukere av denne veien må vente opp mot 20 minutter
- Store forsinkelser i flytrafikken etter stenging av luftrommet i Sør-Norge
Siste nytt
Påsketradisjon "Min Jøsnespåske"
Påske = tradisjonar. Slik som gjengen her i Knutsvik: Møtes til PÅSKEBAD SKJÆRTORSDAG !! Dette skjer trass i litt guffen kald trekk og skyer akkurat denne dagen. Send oss FOTO FRÅ DIN JØSNES-PÅSKE ! Frå hagen, våren, rusleturen, fjelltoppen, fisketuren ....eller kva det er de finn på i påsken på Jøsneset. Foto sendast til på messenger til Jøsneset, eller på sms til 97007636. Påskebildene blir lagt ut på Jøsneset på Facebook.
Trur du heile gjengen hoppa i sjøen??
Bli med på Jøsneset sin påskequizz
Denne quissen krev både fysisk aktivitet, frisk luft, litt stadsans, litt lokalkunnskap eller skjerpa hjerne - finfin påskeaktivitet altså !! 20 spørsmål er spreidd ut på 8 postar i bygda. Ta turen ut, finn spørsmåla og send svara til oss ila påskeafta ! Den med flest rette svar blir kåra som vinnar 1.påskedag, og det blir trekt ein "trøstepremie" til ein tilfeldig deltakar. Slik finn du spørsmåla:
Ny Omboferje – og kraft fra Jøsneset
Samtidig som verdensnyheten Hydra startar si tjeneste, kjem Norled med fleire gode nyheter. Dei fortel at det i løpet av 2025 skal settast inn ei heilt ny ferje i Ombo-sambandet. Den nye ferja skal vere elektrisk, og ha kapasitet for opptil 20 bilar. Dette fører til at ferjene som går mellom Hjelmeland og Nesvik ikkje lenger vil gå til Ombo.
Norled fortel og at for å sikre nok straum til den nye ferja har dei fått tillatelse til å sette opp ei vindmølle i Knutsvik her på Jøsneset. Knutsvik er valgt på grunn av dei gunstige forholda med tanke på vind.
Vindmølla som skal nyttast er ei av tre vindmøller som skal takast ned frå Fosen. Desse vindmøllene blei solgt billig, og Norled var heldige og fekk sikre seg den eine. Arbeidet med å sette opp vindmølla tek til våren 2024.
For oss på Jøsneset betyr dette at me fra 2025 vil får eit betre ferjetilbod, der me slepp å tenke på om neste ferje er «Ombo-ferje».
OBS: Ny dato for seniorlunsj
Seniorlunsjen med besøk av Helse og omsorgleiar Camilla Flem utgår i morgon, tysdag 28.mars, og utsett til onsdag 26.april. Meir info følgjer.
Jøsneset Helselag
Trekning av turpost-vinnarar 2022
Den markante "koronaeffekten" ift turgåing har avtatt ein del, men likevel er det framleis stor aktivitet i turløypene, og høge tal besøkande på turpostane både av fastbuande, fritidsbuande og dagsgjester. På årsmøtet i Helselaget 14.mars blei det trekt ut 13 vinnarar av 4701 turpostbesøk:
Trekning av vinnar Treningsrom
Me har nå føreteke trekning blandt "lausarka" av registreringsskjema til Jøsneset Treningsenter. Alle som registrerar seg inn skriftleg er med i trekning av eit års gratis medlemskap. Me har nå trekt vinnar som blei IDA SVÆREN OALAND ! Gratulerar. Det blir ny trekning når "basarboka" innanfor inngangsdøra er fullteikna. Me nyttar høvet til å minne om innbetaling for medlemskap. Medlemskapet varer eitt kalenderår. Nå er kodelåsen nettopp skifta, så då er det smart å betale inn kr 400,- ny årsavgift til VIPPS 135092, og send ein SMS til 950 62 607 så får du ny kode til inngangsdøra. Meir info om treningssenteret.