Me minner om linedance-kurset laurdag 16. august! Her kan alle bli med!
Etter ein lang og lat sommar kan du pangstarta hausten med eit linedance-kurs laurdag 16. august!
Som opplading til Smashing Jøsneset som går av stabelen 23. august, inviterer Bulyst-gruppa og Ungdomslaget til linedance-kurs heile laurdag 16. august.
Me har fått med oss instruktør frå Huse på Jæren Linedanceklubb, og satsar på ein morsom, lærerik og sprek seanse i gymsalen.
Vil du vera med? Påmelding til Silje Sværen på tlf 95062607/epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Alle er velkomne!