1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Sommaren var varm og hausten er eineståande flott. Frukta modnar, alt kjem på ein gong....og fruktbøndene på Jøsneset og elles i kommunen jobbar på spreng for å få all den saftige, søte frukta trygt ned av trærne .......før den dett ned sjølv.

Alle fruktbøndene i kommunen har altså ei svært travel tid; og det er utfordrande å ha nok folk til rett tid for å få frukta ned heil og fin. Pærene er hausta ferdig for tidlegare i september, og det næramar seg slutten på eplesesongen òg - fleire veker tidlegare enn normalt.

Her er me i frukthagen til Jostein og Berit Hjorteland i Skiftudalen. Herleg Rød Aroma har fått rett farge og fin storleik - klar for plukking . De er lause, så tar ein i eitt, så fell gjerne naboeplet òg ned, så det gjeld om å vere forsiktig.


Dette er relativt nyplanta trær, men dei ber likevel godt med frukt og er enkle å hente ned av - ingen lange, tunge stigar som i gamle dagar. På sommaren blir det tynna hardt i småepla, slik at eplene ikkje skal henge for tett og ødelegge for kvararandre.

 

Sorteringa på epler er svært streng; ikkje for stort, ikkje for lite, ikkje for grønt, ikkje ein flekk og ikkje ein skade . Dette betyr at ein god del blir fråsortert -men, heldigvis, det går til pressing av deilig, rein eplesaft.

Her er Anna og Olga i sorteringa. Begge passert 80 år med god margin, men trufaste og ivrige i frukthausten slik de har vore i "adle år" sidan barnsbein. Så her går ikkje sorteringa på slump ! Og de er flinke til å sørge for at alt fråsortert blir brukt; anten til saft eller anna godt.

Mmmmm - kvalitetsprodukt! Norske epler smakar friskt og deilig og egnar seg særs godt til rein knask og kos. Men ein kan jo òg lage masse herlege kaker og dessertar.   Kutt eplene i småbitar, kok opp saman med litt brunt sukker - ikkje så mykje at bitane blir heilt møre, men slik at de beheld litt av friskheita. Ha bitane varme oppi ei dessertskål. Ha over piska krem med litt honning i - VIPS, der har du ein nydelieg liten dessert ! mmmm - tipset kjem frå Ryfylkekokken på seminar på Sola 18 sept.

...og elles så finst det jo hundrevis av herlige eple-oppskrifter ! 

FaceBook
Facebook