1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Tusen hjertelig takk til kvar og ein som tok turen til gymsalen i dag på Juleverkstad. Ein stad mellom 40-50, store og små, deltok på juleverkstaden på kvar sin måte. Knut hadde det travelt i lysstøypinga, då alle hadde lyst til å laga sine eigne lys til jul.

 

Køen var lang, men det gode humøret gjorde ventinga til ei flott sosial kosestund for alle. Nokre var til og med så heldige at dei fekk ungdommen til å støypa ferdig lysa, så ein fekk ta seg ein kaffikopp i godt lag. Om grunnen var at dei då fekk ein moglegheit til å dyppa både hand og fingrar nedi voksen, er uviss.

Her er nokre stemningsbilete frå sjølve støypeprosessen.

Totalt 6 stasjonar var klare for store og små denne 3.søndag i advent. Det skulle vera aktivitetar for kvar og ein, og det trur me at me fekk til også. Dekorasjonar, kransar og anna pynt laga av naturmaterial forlot gymsalen saman med godt nøgde eigarar. Mange laga snøkrystallar, stjerner, reinsdyr og anna motiv av nabbiperler, andra laga juletrepynt av kuler, stjerner og piperenserar. Det vart og laga mange sjarmerande og koselege nissar av ulik størrelse og material.

Full konsentrasjon når ein skal laga seg motiv av nabbiperler.

 

Ved dekorasjon/krans stasjonen var det til tider trangt om plassen. Mange flotte kreasjonar vart til ved bruk av gran, edelgran ,kristtorn, sypress, einer, mose m.m. Nå er det mange dører på Jøsneset som har fått seg ein flott heimelaga dekorasjon til julehøgtida.

 

Jøsneset Ungdomsalg takkar spesielt Knut for at han sette av 3.søndag i advent til å vera med oss og hjelpa til med lysstøypinga. Me vil samstundes takke alle dokke andre som var med å delte dagen saman med oss. Til slutt ei takk til dei som var med å rydda juleverkstaden vekk for denne gong. 

Her er nokre fleire bilete

  

 

 

FaceBook
Facebook