1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower



Første februarveke 2015 kjem til å gå inn i historia som ei herleg vinterveke. Snøen som falt sist veke glitra som silkestøv i minus 5-7 grader i fullmåneskinnet. Fullmånen var dominerande på nattehimmelen; som ein lyskastar, i følgje med planeten Jupiter. For oss som bur på bygda utan masse kunstig lys, var veka som skapt for uteliv; anten ved sjøen, på bygdevegen, i hagen eller her på ski i lette spor innover skogsvegen mot Jiskelid.

 


Denne veke var det ivrig skigåing innover og utover i skisporet kvar kveld; fullmånen lyste så sterkt at lykter ikkje var nødvendig. For ein gongs skuld hadde me her på Jøsneset òg vår eiga naturlege "lysløype".  Terrenget innover mot Jiskelid er lett og fint å gå på ski; herlege slake nedoverbakkar heim att. Her er Jostein, Silje og Svanhild Elise til endes på skogsvegen. 

Ikkje minst fint i overgangen mellom dag og kveld......sola er i ferd med å svinne ned, og månen kjem vel snart opp.

 

Joda - magisk!!  - me håpar alle fekk nyte det.....mildvær og skyer inntar landet igjenWink

 

Foto: Svanhild H Gbada.

 

FaceBook
Facebook