1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

ÅRSMØTE I JØSNESET UNGDOMSLAG

LØRDAG 21 FEBRUAR KL 15:00 I TRIVSELSTOVA.

 

Årsmelding 2014.

på årsmøtet 2014 vart Jon Brandal vald for leiar for andre året på rad. Frode Tjeltveit vart kasserar og Lene Kaldheim referent. Øvrige styremedlemmer vart Sondre Fosså og Sven Gil Westersjø.

Første arrangement me var med å arrangere var Jøsnsmeisterskapet på ski. I mangel på snø så vart skikarusellen som vert arrangert ved gullingenhuset i lysløypa i år ikkje arrangert. Då slo me til å var med på å arrangere Jøsnesmeiserskapet på ski saman med private ildsjeler. Store og små gjekk på ski, grilla pølser over bålet, drakk kakao, kaffi Og saft.  Det blei eit sosialt og kjekt treff på fjellet for alle. 

som tidlegare år vart påskefesten arrangert på påskeafta også i år. Revyen var populær og mat vart servert etterpå. Jose Altamirano spelte så opp til dans. Påskefesten gav eit godt overskot som den gjer kvart år.

i forkant av arrangementet Smashing Jøsneset, var JUL med å støtta ( økonomisk) eit linedans-kurs for alle interesserte. Tilbakemelsingane her var svært positive.

Saman med Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag arrangerte vi også den årlege Hardhaus og 3-nuttur.

I løpet av året har JUL kjøpt inn to bordtennisbord som nå står i gymsalen på skulen. Desse ønskjer vi at bygda tar i bruk så mykje som mulig. I september 2014, blei bordtennisbordet innvia med det første Jøsnesmeisterskap i bordtennis. Her var det heile 17 påmelde. Det vart utdelt pokal til vinnaren av både herre, dame og ungdomsklasse.

årets siste arrangement var eit juleverksted som vart arrangert midt i desember. Her kunne ein lage juledekorasjonar og julegaver, i tillegg til støype stearinlys.

Til slutt kan ein nevnt at vi nå har heile 37 medlemmar i Jøsneset Ungdomslag. Dette er høgare enn det har vore dei siste åra. Allikavel håpar vi på endå fleire medlemmer neste år. 

KONTONR 3353.22.24646 100kr pr.pers. Merk namn på innbetalar.

ÅRSMØTE 21.FEBRUAR KL 15:00 I TRIVSELSTOVA.  

SAKLISTE

1. Val av møteleiar

2. Årsmelding 2014

3. Rekneskap 2014

4. Val av styremedlemmer og varamedlemer. Valkomiteen legg fram forslag. Val av valkomité.

5. Sak: Er det ein god ide å slå saman Jøsneset Ungdomslag med Bygdarådet? Dette vil me drøfta og alle medlemmar er oppfordra til å seie si meining om saka.

6. Åpning for møtedeltakerar til å kome med idéar o ta opp saker. Alle innspel mottas med  takk.

VEL MØTT.

HELSING STYRE 

 

FaceBook
Facebook