1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Det er masse snø i Jøsnesheia, og kombinert med det flotte været, er det vel verdt å ta turen oppover mot Gunlanuten på ski. Ein må opp til Krogastemmen før ein kan ta skia på , men deretter er det flotte forhold.  Opp mot Nuten går landskapet i eitt av snø; og jamnar ut dalar og søkk i terrenget. Snølaget er tjukt og hardt.  Føret varierar mellom partier med fin melissnø, partier hard skare, men òg partier med  mjuk påskesnø der sola har fått steikt utover dagen.  Tips: ikkje gå for tidleg på dagen, då er det hardt!

Turen til Gunlanuten 829 moh er flott; spesielt sidan den ligg så langt ute i fjordlandskapet; ja, med fjordar på tre kantar; Jøsenfjorden, Ombofjorden og Erfjorden , og vid open utsikt utover Nedstrandsfjorden. Meir om ruta Foss-Gunlanuten, samt rutetraseen, finn de under menyen  TURSTIAR og på ut.no . Ruta er merka heilt frå Foss og opp, mange av merkene ligg under snøen nå, men ein del er òg synlege. Følg skispora, dei følgjer ruta. Grøna Lia er det mest utfordrande partiet både opp og ned; bratt og skogkledd. Her er bekken delvis open; så kan vere smart å gå på sørsida heile vegen nedanfrå.   

På toppen finn du ny turpostkasse, Jøsneset Helselag har fornya seg òg her. Sidan februar er det 7 stk som har skrive seg inn i boka (derav same person 3 gongerWink).....Her er det plass til mange namn - så hiv skia på nakken og ta bakkane fatt -  NUTEN ventar på deg !   Utsikt ut mot Randøy og Ombo og med snøkledde Valafjell i forkant, og Fosstemmen nede i dalen. Ta gjerne ein rast ved den flotte gapahuken ved Fosstemmen på veg nedatt!

Nedturen går fort og luftig på så godt føre og så masse snø.....og plutselig nærmar ein seg våren igjen !  Vel verdt å besøke heia frå nå av og heilt til langt etter påske sikkert - masse snøSmile

 

foto: Svanhild H Gbada

FaceBook
Facebook