1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 


TAKK TIL REVYGJENGEN : Solveig, LIse, Lene, Sven og Silje + Josè og Sebastian på lyd/musikk for ein finfin Fiberrik Aften !!
Ja, for FIBER gjekk som ein rød tråd (?).....eller kanskje heller som ein "heit kabel" gjennom revyen - som forøvrig var fullspekka av ultralokale humoristiske innslag - alt frå lokale "Mullaløft" , tømming av den gule postkassen og til JøsnesNytt. Ja, det lengste de våga å bevege seg ut i verda var til Jøsenfjorden,... og jo eitt hakk enda lengre inn - eit dybdeintervju innante Udladalen var vel det mest regionale innslaget. Veldig bra !! Me gledar oss alt til neste år.

 

Facebook har til og med nådd Eiane - som lot seg rive med i intern vitsestrid grendene i mellom........Nesvik joina etterkvart, men kor va Fosså? 

Ein hyllest til FIBEREN !

Revyen hadde ein fin liten miks av songar, videoinnslag og sketsjar - Ein del av poenga kunne nok kanskje vere vanskelige å forstå for den ikkje-ur-innfødte Jøsnesbu - men me kan vel tolke oss fram til at me har eit rikt og levande bygdeliv sidan det var såpass mange humoristiske poeng å hente frå kvardagen på Jøsneset !

Herlig gjensyn med Unhild frå Udladalen !!! Nok eit Udladalportrett i Stavanger Aftenblad: Her er Unhild  i intervju med "Heidi Hjorteland" (spelt av Lene). Men någe betutta og nedfor var ho Unhild.....ja, både ho og sykkelen var heilt på felgen; forsmådd og forbikjørt av plukk-opp-bilen ans Torjus som ho nå var! Det såg mørkt ut for na Unhild der innerst i dalen.....Heilt til ho kom til å tenka på den kjekke, båtkjørande Jøsneskaren ho traff på ein dans i sin ungdom, og som ho enda hadde bilde av på soveromsveggen !
Unhild - så herlig autentisk tolka av Lise Tjeltveit, at me nå begynne å lure på om ho faktisk har vore Udladalsbu i eit tidlegare livTongue Out

 

Siste nummer blei eit sprelsk og artig lite dansenummer !


Takk til heile revygjengen, som ga av si tid og delte humor og glede i to førestillingar,  og totalt ca 125 frammøtte  - god miks av vaksne og unge, hyttefolk og fastbuane - og besøk frå andre bygder var veldig hyggelig !

Etter revyen var slutt; blei salen rigga om til border. Mat og kaffe blei servert, Og "vår eigen" hus-musikar Josè Altamiranon spelte til dans. Som vanleg skapte han god og herlig stemning og  blei det god fart på dansegolvet utover natta !

Arr: Jøsneset Ungdomslag og Revygjengen

Skiftuvika "by night" - Påskeaften-festen er over og fullmånen rår over stille, mørk fjord !

 

FaceBook
Facebook