1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 

16 stk (vaksne og barn) møtte opp på dugnad på "Kalvagaren" ved Fosstemmen laurdag 25.april. Eit godt stykke arbeid blei utført både inne i gapahuken og utanfor på uteområdet og langs stien - men det blei òg tid til varm suppe, nysteikte lappar, kaffe og prat.

 

I forkant av sjølve dugnadsdagen var det gjort ein god del førebuande arbeid: Grantrea som blei sagd ned ved Kleivane er sagd opp og kløyvd til vedkubbar - og kjørt opp til gapahuken og tømt der. Denne veden blei lødd opp ved veggen bak gapahuken og inni under benkane. Veden er enda ikkje tørr og ikkje klar til bruk, men ein dag......

 

Her er traktorlasset med ved i ferd med å ta slutt og veden er ferdig lødd opp - klar til tørking !

 

På førehand var det òg lasta opp eit lass med mold, og kjørt opp og dumpa like foran gapahuken. Denne jordhaugen blei planert ut til ei fin flate, og sådd i med grasfrø

 

Vidare: Nataland Graveservice har sponsa eit traktorlass med grus - kjørt opp og dumpa i haugar. Denne grusen blei frakta ut med bøtter langsmed stien som går opp til gapahuken, og raka/planert ut slik at stien nå er betre å gå på (blir elles spennande å sjå korleis det kjem til å påverke maur-"motorvegen" som har gått her før)

 

Det gjeld om å leike mens haugen er her....

 

....for grushaugen blir stadig mindre: massen er bært ut bøtte for bøtte og raka og skufla ut både på plassen, inni gapahuken og langs stien. Kanoane "Kalven" og "Kvigå" er nå kjørt opp til Fosstemmen, og nå ligg dei lagra ved sida av "Kalvagaren" - dei kan brukast av alle som vil - husk berre å ta med redningsvest !

 

Dugnadsarbeidarar blir svoltne; og då passa det godt med gloheit løksuppe med ost og brød. 

Sosial prat og god mat høyrer til dugnaden.

Suppekokar EllenMari hadde skrella store mengdar løk, og laga ei deilig løksuppe ! Servert med ost og fransbrød, saft og kaffe.

Ungdomslaget har kjøpt inn steiketakke til bålpannå.....denne blei testa denne dagen! Nysteikte lappar med syltetøy smaka godt !! Både bålpannå og takka er til utlån oppe i gapahuken - så her kan det bli mange sosiale kosestunder framover.

Etter vel utført dugnadsarbeid er det berre bøttevasken som gjenstår - den tas enkelt og greitt i ånå nedanfor Fosstemmen.   Takk til alle som stilde på dugnad og gjorde ein flott innsats!!

Ta turen opp til Fosstemmen ! Her ligg det vel til rette for ein finfin dag i naturen: gapahuken, kanoane, bålpannå med tilbehør er tilgjengeleg for ALLE !!

Jøsneset Bygdaråd

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

FaceBook
Facebook