1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Tida er igjen moden for kusymretur frå Åsland til Håvehammar . Langsmed den merka stien er det fleire partier med nydelege blomstrande kusymre - Primula vulgaris - "den første om våren". Det norske namnet kusymre kjem kanskje av at den blomstra på den tida kyrne kunne sleppast på beite. Også lengre oppe i dei solfangande liane mot Herefjellet er det partier med kusymre. Ta turen vel !!

Fioler og gauksyre stikk òg fram....og snart kjem nok òg bekkeblomen....her er kosleg og frodig.


Kvitveisen blomstrar enda for fullt - og sprer sine kvite armar lystig mot sola (når den kikkar fram).  Kvitveisen (Anemone nemorosa) blir òg kalla kvitsymre, og er Hjelmeland sin kommuneblom.


I enden av beitet, nær Husmannsplassen bak Håvehammar, står ein gamal surapal...den er nå okkupert av lav (sannsynlegvis strylav). Apalen står i knopp, så den har visst tenkt å driste seg til å blomste innimellom alle dei grå "ulldottane". Verdt å ta ein kikk.


Strylav og mose er i ferd med ta over apalen.


Turtipset er altså: Håvehammar - Åsland. Merka løype frå Åsland. Ca 1 km, Kort og lett tur, flott utsikt. Ta med kaffe...og ein venn! Bord og benk på Håvehammar ventar......og ein herleg utsikt !

Eller: du kan ta turen vidare på merka løype til Fosstemmen - der er vårpussen unnagjort, og kanoar, bålpanne og gapahuk ventar på deg ! Det er òg lagt ut ny "hyttebok" i "Kalvagaren" Wink

God 1.mai-helg !

Fleire turtips under fana TURSTIAR  Send oss gjerne foto frå VÅREN eller ditt  turtips : Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

FaceBook
Facebook