1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 
Det var ein gong eit furutre ! Det voks på Stien i fred og ro og blei stort og strerkt.  Åra gjekk og det blei større og større. Ein flott plass hadde det; med solrik og vid utsikt utover heile Fossdalen.  Likevel - ein frisk og vindfull vinterdag gjekk det rektig ille! Vinden sleit og drog i det; og furua blei til ei trasig rotvelte. Her låg ho - midt i gamlestien mellom Foss/Åsland og Fosstemmen, med rota opp og toppen ned. Ingen framtid dette ! Eller ?

Ein vakker dag kom ein kreativ person med ei motorsag - såg nok potensialet i gamlefurua. Saga opp stubben, og velta rota tilbake att i holet sitt. Og saga vidare ut ein flott stol - ein ROTEKTE stol, bokstaveleg talt. Ein kongestol? Eller kanskje ei dronning verdig ? kven veit ? kanskje Trollet sin stol? Eller Gunlanutnissen sin? Eller til låns for slitne turgåarar ? Hmm? Er stolen komen for å bli? 

Turtipset denne helga er: Ta turen opp gamlestien til Fosstemmen - set deg å kvil i furustolen - nyt utsikten, sola og våren....og ja, med den sittekomforten og den utsikten - ja, då vil du nok føle deg som ein Konge !

Ruta er merka frå Åsland og frå Håvehammar. Frå Foss må du ta av frå skogsvegen ved Orva, og gå rett opp gamlestien (litt falma merking) til du kjem til utsiktspunktet Stien - som ligg like ved Fossen

FaceBook
Facebook