1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts


Det var varmen og romantikken som seira i årets Hardhausen på Jøsneset. Juryen falt for dette bildet av to 1.gongs-Hardhausar, ja, som første gong gjekk dei 4 nutane NordaHøgaste, Gunlanuten, Valafjell og Røssenibben. Og flott at dei ikkje berre sprang på, men faktisk tok seg tida til å sitje ned, vere til stades, nyte sola, fjordutsikten og kvarandre ! Fotograf er Iren Einervoll, og det er Malin Fuglestein og Lars Erik Grunnevåg som nyt flottaste utsikten frå Røssenibben.

 

Dette året var det  "korona-spesial"-Hardhaus, og dermed ingen sekretariat eller sosial happening på Fosstemmen. Folk kunne gå når de ville og kor de ville, men melde inn på sms sin utførte tur.  Det var 90 stk som meldte inn turane sine ila helga, og derav 69 stk som meldte inn at dei hadde klart løysingsordet S-O-L-A - ein bokstav på kvar topp ! Kodeordet passa godt, for SOLA skein over solbygda heile pinsehelga, som var tida turgåarane hadde til disposisjon.  Fantastisk mange glade, friske, spreke folk. Takk for mange flotte bidrag til "Flottaste utsikt"-fotokonkurransen. Det var fleire bilder som var i tet-skiktet, og fleire hadde fortjent ein premie. Men ta ein kikk:  Alle bilder ligg på Jøsneset si Facebooside

Det var altså 69 Hardhausar= 4 fullførte nutar, 7 stk gjekk 3-nutstur, og resten andre turruter. Det var nok òg mange ute på dei 10 turpostane som ikkje meldte seg inn. Så det var ein skikkelig friluftshelg på Jøsneset.

VINNARAR AV PREMIAR BLEI SLIK:

- John Olav Kåsen - Hardhaus - Hengekøye
- Terje Laugaland - Norda Høgaste- Turutstyr
- Torill Frøland; 3-nutar  - Turutstyr
- Sigrid Tvedt, Hardhaus- Turustyr
- Mathea Kvame, 8 år, barnepremie- Hengekøye

10-årskrus for 10.gong deltatt:
- Øyvind Oaland - Hardhaus
- Helga Havnerås -Hardhaus
- Sigurd Opedal - Hardhaus
- Kristiane Westersjø - Hardhaus

5-års-T-skjorte for 5.gong deltatt:
- Espen Meling
- Therese Svihus

FOTO "Flottaste Utsikten"
-Iren Einervold - Gymbag med div utstyr i, sponsa av Hjelemeland Sparebank

Premiane elles er gitt av arrangør Jøsneset Helselag Nasjonalforeningen folkehelsen.

Me takkar alle for fantastiske bilder, gode møter ute i heia og hyggelege meldingar . Me håpar alle kosa seg i sommarværet på Jøsneset !!
Årets arrangment blei Light for oss arrangørar - men jammen har alle deltakarane gått mange motbakke-skritt til saman - så ikkje Light på den måten !!

FaceBook
Facebook