1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Denne quissen krev både fysisk aktivitet, frisk luft, litt stadsans, litt lokalkunnskap eller skjerpa hjerne - finfin påskeaktivitet altså !! 20 spørsmål er spreidd ut på 8 postar i bygda. Ta turen ut, finn spørsmåla og send svara til oss ila påskeafta ! Den med flest rette svar blir kåra som vinnar 1.påskedag, og det blir trekt ein "trøstepremie" til ein tilfeldig deltakar.   Slik finn du spørsmåla:

 

Dei 20 Jøsnes-spørsmåla er fordelt ut på 8 ark, med 2 og 3 spørsmål pr ark.  Spørsmåla finn du på desse 7 turpostane på Jøsneset: Brynå, Høgafjell, Nesdalsfjell, Håvehammar, Fosstemmen, Tausanibba og Norda Høgaste +  1 "post"  ved inngang treningssenter Grendahuset.

Du må altså ut å gå. Og er du i tvil kor turpostane er, ja då er det god hjelp i
TURKART JØSNESET 

Det er lov å bruke alle hjelpemidler for å finne svara. Mange svar kan du finne her på nettsida vår, eller på Jøsneset Facebook.
Eller du kan kanskje spør ein lokal bonde, ein fastbuande eller ein orntlig Jøsnes-patriot om hjelp? Ja, du kan ringe så mange venner du vil !!

Alle spørsmåla ligg klar ute frå søndag 02. april, så du har nesten ei heil veke på deg. La arket ligge igjen i turkassen til nestemann.  Noter deg svara etterkvart som du går.
------
Send svara dine SAMLA:

- på epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 
eller på melding til Jøsneset Facebook
-
 eller sms 97 00 76 36 

Hugs å oppgi namn/konktaktinfo

Frist: ila  Påskeafta

Premie for beste deltakar + ein tilfeldig trekning

Send oss gjerne eit foto frå di påskevandring ! God tur - God påske

MVH
Nettsideredaksjon Jøsneset

 

 

FaceBook
Facebook