1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Mandag var nærmare 20 jøsnesbuar samla på Grendahuset for å læra meir om veg- og stinettet på Jøsneset før bilvegane kom. Det blei ein triveleg og interessant kveld med felles kveldsmat.

          Ådne Skiftun starta med å forklara litt om vegane på Jøsneset før "Postvegen" frå Nesvik til Knutsvik blei bygd. Stiar og smale vegar gjekk der terrenget var best eigna, snaraste veg og innom gårdstuna i bygda. Til dømes blei bedehuset sett opp der vegane frå Skiftun, Foss og Fosså møttest. Ein del av trasèane er  framleis kjende, medan andre berre er delvis sikre. Kjerre- og bilvegane som blei anlagde følgde ofte dei etablerte gangvegane.
          Etter Ådne si innleiing var det servering av kveldsmat, og praten gjekk under måltidet om kveldens tema. 

       Då alle var mette fekk RasinTjeltveit ordet. Han har samla mykje lokalhistorisk kunnskap, og fortalde frå oppgåva si om gamle vegar i bygda, spesifikt vegen frå Foss til Skiftustøl. Eit nett av driftevegar for husdyr, sjoarvegar som sikra alle adgang til sjøen, skogsvegar for tømmertransport og landbruksvegar snodde seg over heile Jøsneset.
       For at ikkje kunnskapen om desse ferdselsvegane skal forsvinna, ønskjer bygdarådet å starta eit prosjekt for å samla informasjon og bevara den for ettertida. Ei prosjektgruppe beståande foreløpig av Rasin Tjeltveit og Ådne Skiftun blei danna. 
       Føremålet med prosjektet er i første rekkje å samla den informasjonen som finst. Kjende og delvis kjende trasear kan så teiknast inn på eit kart, og etter kvart er det kan hende råd å merka nokre av stiane med skilt. Informasjon frå prosjektet vil sjølvsagt bli å finna på Jøsneset si nettside.
       

FaceBook
Facebook