1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Torsdag 14.mai hadde ELDRETREFFEN ein eventyrleg tur til staden som har fått namn etter trolla: TrodlaTysdal.
images/JUL/Bilder/trodlas.jpg

Kjell Tysdal møtte dei 12 Jøsnes-seniorane på vestenden av Tysdalsvatnet; ved Valheim i Årdal. Han skyssa dei over det 12 km lange vatnet med båten sin - det i seg sjølv ei opplevelsrik ferd langs dei bratte, ville fjellkantane.

Vel inne i Trodla Tysdal tok Kjell Tysdal fatt på middagskokinga medan Jøsnesgjengen rusla rundt på denne staden "der ingen skulle tru at nokon kunne bu".  Mektig og særprega - ein stad der naturen er overveldande og i harmoni med det vakre kulturlandskapet.

images/JUL/Bilder/trodla1s.jpg        images/JUL/Bilder/trodla2s.jpg

Kjell Tysdal er først og fremst turistvert nå, men det er òg sauer på staden som held kulturlandskapet i hevd.
Middagen blei servert i gamlestova i våningshuset; ei stove i opphavleg gammal stil i eit hus som er eit av dei aller eldste og best bevarte i kommunen.  Tysdal fortalde om livet på garden medan han serverte kjøttkaker - og spørsmåla prella fram og praten gjekk livleg.
images/JUL/Bilder/trodla3s.jpg     images/JUL/Bilder/trodla4s.jpg

Jøsnesgjengen fekk god tid til å rusle rundt og sjå seg om, og Kjell Tysdal fortalde mangt og mykje om staden og om kvardagen der inne blandt dei 900 m høge fjella.   Vel nøgde og samde om at dette er ein eventyrleg stad, blei seniorane skyssa vel heim att over vatnet.

Har du ikkje vore der ?? Det må du! Les meir om Trodla Tysdal her. Her finn du òg ut korleis du kjem deg dit.
Og følg med på NRK: programmet "Der ingen skulle tru at nokon skulle bu: Trodla Tysdal" skal bli sendt om att; visstnok i slutten av juni. Ein flott reklame for ein flott plass !

FaceBook
Facebook