1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

 Nasjonaldagen blei feira på tradisjonelt vis på Jøsneset, med rekordstor deltakingKiss Komitèen hadde sett klar 100 stolar, men måtte fylla på for å gi sitteplass til alle. Spesielt kjekkt var det at det var så mange ungdommar som feira heime i bygda i år......


Her er eit knippe av Jøsnesungdommen.....representert ved dei rekordmange konfirmantane....heile 7 gutar blei konfirmert på Jøsneset i år !! Det må vere ny rekord!!!  Her er dei + to kompisar. Så ein ting er sikkert: Jøsneset går ei MANNSTERK framtid i møte !!



Toget gjekk frå skulen til Skiftukaien og opp igjen; og var visst lengre enn på fleire år!! Ordførar Bjørn Laugaland gjekk i spiss samen med 17-maikomiteen og skule/barnehage!
 Sigbjørn er ein trufast og god forsangar i toget; og her går det på "Jøsneset skule HEI HEI HEI! Ingen skule er som DEG !!! HEI !!!"

 Feststemte Jøsnesbuar - HURRA !!!

 Årets talar var ordførar Bjørn Laugaland. Han gjorde som mor hans ein gong hadde sagt han kunne gjere i ein 17-mai-tale: snakke om ka du vil !! Difor blei talen både personleg og lokalprega. Han fortalde m.a. stort og smått om sitt ordførar-liv, og rosa frivillig arbeid og lokale initiativ.....som han m.a. meinte Jøsnesbygda er gode på. Han minna oss òg på at me bur "på toppen av toppen" og at me i Hjelmeland har det svært godt!


Så var det full fart med leiker og konkurransar. I år blei det konkurrert i m.a. styltegåing, basketballkasting, pilkast, hestesko,bocca, potetløp for dei minste, natursti, luftgevær, "tommeltotten" og twistglaset. Det var stort engasjement blandt store og små.....ja, dei små fekk det òg travelt med vannpistolkrig og såpebobleblåsing.....og litt is og brus innimellom.

  
 

 
Så takk til Sven og resten av 17.-maikomiteen for ein fin nasjonaldagsfest !!

FaceBook
Facebook