1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Hardhausen og 3-nutstur 1.pinsedag 27.mai. YR.no melder om 19 grader og SOL - det kan bli ein flott dag mellom fjord og fjell !!
Klikk på plakaten så får du den i større format.

Her er løypekartet :



Dette er ein tøff topptur så det er ein fordel å vere i nokonlunde god form: set av heile dagen, det er mykje opp og ned i ulendt terreng - men fantastisk utsikt på alle toppar. Ta med mat, klær, gode sko og gjerne godt lag !! Denne dagen vil du garantert treffe fleire glade heia-vandrarar.

Start er frå 09.00 - 11-00 ved "Kalvagaren" ved Fosstemmen ca 380 moh. Det tar ca 40 min å gå til startområdet (!) frå Foss, litt kortare frå Åsland.
Det er merka stiar til startområdet og til alle toppar. Alle får utdelt kartet vist ovanfor ved startregistrering. Du kan òg velje å gå utanom stiar viss du vil; poenget er at du når toppane og får registrert deg der. Det er IKKJE om å gjere å gå fortast !! Men den som kjem nærast den hemmelege idealtida, vinn konkurransen. Premiane er flotte heimelaga knivar frå Daniel Hjorteland og det blir premie både for HARDHAUSEN (alle 4 toppar) og 3-NUTSTUR !!

Det er kaffe i kjelen og fyr på grillane ved Fosstemmen heile dagen, så ta med grillmat (kan gjerne legge maten der medan du går turen). Det er ein finfin tur å berre gå til Fosstemmen òg. Der blir det òg natursti for dei minste.

Om det er spørsmål om arrangementet, ta kontakt med Anne Tjeltveit i Jøsneset Helselag 906 39 799 eller send mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

Arr: Jøsneset Helselag og Jøsneset Ungdomslag.

KORLEIS KOME SEG TIL JØSNESET??
Frå Stavanger: ta Tauferja - kjør RV13 til Hjelmeland. Ferje over til Nesvik. Sving av til venstre mot Skiftun og deretter til høgre til Foss. Ca 2,5 km frå ferjekaien.
Frå Suldal: kjør RV13 til Nesvik, sving av mot høgre til Skiftun og deretter til høgre til Foss

Du kan òg starte turen frå Åsland: kjør då frå Nesvik ca 3km, sving mot høgre til Åsland, følg vegen heilt til endes.

Kart over halvøya Jøsneset. Startpunktet Fosstemmen 380 moh er vist med rød markør.
Toppane ligg i dei kvite/høge områda rundt startområdet. Du har utsikt mot tre fjordar; så kvar topp har flott utsikt å by på.


Klikk på kartet, så kjem du inn i Google-kartet.

FaceBook
Facebook