1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Paraplyane måtte fram òg i solbygda Jøsneset Wink 17.mai 2012. Likevel blei det ei riktig koseleg og tradisjonell feiring, med tog t/r Austad, ordførartale, leiker og konkurransar, masse gode KAKERSmile, is, brus, lapskaus og pølser og ikkje minst.....godt pratelag !!


Her glir toget forbi Austad leda an av Torstein som flaggbærar, komiteen...og hakk i hel følgjer Jøsneset skule og barnehage og alle bygdafolk og tilreisande gjester.







Her ein del av komiteen. Komiteen takkar for dagen, og håpar alle koste seg sjølv om været var kaldt og kjølig.


Året talar var ordførar Trine Danielsen, som både trakk linjer bakover til grunnlaget for vår nasjonalfeiring, og linjer framover mot framtidig verdiskaping som toleranse, mangfald og fridom. Trine er frå Trondheim og er oppvaksen med "by-17.mai". Ho har òg vore mykje utenlands, og har òg feira nasjonaldagen i andre land. Men etter sju 17.maifeiringar i Hjelmeland har ho fått meir og meir sansen for den nære, lokale formen for feiring. "Det er det som gjer vår nasjonalfeiring spesiell, at den skjer på små, lokale plasser, ja, slik som her på Jøsneset". Ho er stolt av å vere ordførar i ein så vakker kommune, og er òg stolt av å vere historias første kvinnelege-ordførar-17.maitalar på Jøsneset.



Etter talen var det ei god matøkt, før leiker og konkurransar sette i gong......mange heiv seg ut i øvelsane med høgt konkurranseinstinkt, medan andre nytta dagen til prat og kos med sambygdingar eller tilreisande gjester rundt kaffekoppane i gymsalen.

Ein gammal tradisjon blei tatt opp att nede på Skiftu-krossen, nemlig 60-meter....Alle som deltok, dvs alle barna+Sven fekk t-skjorter i premie. Nytt av året var òg Kanonball-kamp mellom barn og vaksne. Sjølvsagt vant barnaLaughing

Til slutt enda dagen med den tradisjonelle PREMIEUTDELINGA for pilkast, luftgevær, klossebygging, hestesko, spikring, tippekonkurransar, natursti med meir.

17-mai-komiteen oppdaga ein feil i premieringa etter at arrangementet var slutt og har sendt denne meldinga:
Når det gjeld naturstien vart det gjort ein feil på post 6.  Rettemalen som vart brukt var feil på dette spørsmålet, og fleire reagerte derfor på antall rette når svara blei lest opp. Det var då for seint å gjere noko med det, men utfallet ville uansett ha blitt loddtrekning sidan det var mange med lik poengsum. Den natursti-ansvarlege kan ikkje anna enn å beklaga !
Svanhild H Gbada er iallefall vel unt premien - ein tur-kaffekjel, så får ho heller invitera nokon med seg når den skal brukastSmile

FaceBook
Facebook