Me minner om den store konkurranse-dagen søndag 9. aug 09 - då blir det 3-nutstur og Hardhausen.
Her er det om å gjere å gå dei tre nutane Gunlanuten - Røssenibben og Valafjellet på den tida som er nærmast den hemmelege idealtida. Viss du òg vil ha tittelen HARDHAUS må du òg oppom den 4. nuten: Norda Høgaste - framleis nærast mogleg idealtida.
Dette blir litt av ein tur - så legg deg i trening!!
Nytt dei nydelege sommardagane til å gå deg ein tur: lang eller kort - alt hjelper for å nå formtoppen :-)
Det er eit velutvikla turstinett på Jøsneset - det finn du i venstremenyen under TURSTIAR. Dei merka stiane er ein god stimulans for å kome deg ut på tur i kjempeflott terreng. Og om du vil, så kan du øve deg heile sommaren på dei 3-4 nutane! Du får deg uansett ein god tur-----og sikkert blir du i superform ! (men om du kjem nærare idealtida av den grunn - tja? - se det er det ingen som veit).
God tur.
Nytt frå Strandbuen
- Mariell var aldri i tvil om at ho ville ha eit praktisk yrke: – Denne jobben vil eg bli gammal i
- Fornøyd med å få flere søkere til lederjobb – dette er det viktigste kommunen ser etter
- Quiz: Hvor godt leste du Strandbuen i april?
- Pilt-Ola har flyttet til Strand – det er det en grunn til
- Full enighet om at takstene er for høye – men det må mer til enn det