Òg ungdommar frå Jøsneset og Hjelmeland er engasjert i klimaspørsmålet! Dei meiner det er heilt på sin plass å ta båten til byen for å samle seg saman med andre unge frå regionen for å gje klare beskjedar til vaksne politikarar. Nå er det på tide å vakne opp ! Desse 4 ungdommane var tydelege på at me må endre på vår måte å leve på, og at det faktisk må starte med oss sjølve. Men dei har òg klare beskjedar til styrande politikarar om at dei må lytte til framtidas generasjon og faktisk begynne å GJERE noko ift å nå klimamåla. Ja, det var sågar gryande statsviterar blant gjengen her, som vil ta grep sjølv om ikkje dagens vaksne klarer sakene. Og dei kunne òg røpe at det òg var eit dugande statsministeremne rundt bordet.......men me røper ikkje kven....me får vente å sjå Når gjengen kom til byen, møtte de ein heil hærskare av engasjerte ungdommar. Les meir i Aftenbladet:
Foto: Stavanger Aftenblad
Nytt frå Strandbuen
- Nå har Else Karin, Grete og Liv tatt imot dei første gjestane for sesongen
- Rykket ut for å hjelpe Hvaldimir – fryktet at han satt fast i garn
- I kveld skal desse lange og tunge betongbjelkane bli frakta – har planlagt transporten i eit halvår
- Fem bilister må punge ut etter laserkontroll
- Får ta ut sand på eigedomen til Ingeir – mot hans vilje