Nytt frå Strandbuen
- Stillehavsøstersen finnes flere steder i Ryfylke – men søkelyset er på en annen uønsket art
- Kom seg unna da båten tok fyr
- Ommund gleder seg til en travel sommer: – Det er en veldig kjekk arbeidsplass
- Mattilsynet: – Ikke spis!
- Denne gikk for over 6 millioner kroner – se hvem som har kjøpt og solgt eiendom
Siste nytt
Rekordmange Hardhausar !
Hardhausen 2024 går inn i historia som ein jubeltur i eit strålande solskinn ! 99 deltakarar på arrangementet og heile 90 stk gjekk alle 4 nutane, og kan kalle seg HARDHAUSAR. Det var ingen som gjekk 3-nutstur i år, men altså desto fleire som tok den store utfordringa med ALLE nutane. 9 stk deltok på kortare distansar.
Bildet over er då Eirik 6 år og Nora 9 år Laugaland kom i mål: Eirik var dermed den desidert yngste Hardhausen ! Dette prøvde han for første gong i år, og det blei full klaff!! Ikkje mange på hans alder som har tatt denne styrkeprøven ila dei 16 åra Hardhausen nå har vore arrangert ! Godt då å ha følge med spreke storesøster Nora, som òg gjekk heile Hardhausen for første gong - Dei gjekk saman med mor Anne og far Terje på turen !
Det var òg rekordmange 1.års-deltakarar på arrangementet - Heile 35 stk - derav 32 av desse gjekk heile Hardhausen; dvs NordaHøgaste, Gunlanuten, Røssenibben og Valafjellet. Veldig bra frammøte. Veldig bra vær. Veldig bra stemning. Veldig bra frå ende til aen. Og best av alt: Røde Kors kunne reise heim etter ein lang dag på vakt utan ein einaste skade eller uhell. Fantastisk ! Her er heile DELTAKARLISTA HARDHAUSEN 2024
Treningsrommet stengt
Treningsrommet og gymsalen er stengt fredag 10/5 og lørdag 11/5 på grunn av privat arrangement
Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
Lnett planlegg ein større koplingsjobb og arbeid på linjenettet på Jøsneset. Dette vil medføre straumstans så og seie heile dagen den 12. mai. Les heile infoskrivet frå Lnett under her:
Melding fra anlegget ved Fosså
Det er ny driftsledar på oppdrettsanlegget på Fosså, Rune Jansen. Han har følgjande melding:
"Med tanke på aktivitet på Fosså så kommer det en båt og skal legge ut en ny merd ytterst på sørside. Båten kommer i morgen og det kan forekomme noe støy, men skal redusere støy i høgst mulig grad. Den kommer til å arbeide gjennom helgen med dette prosjektet.
Utenom det så kommer fisk til Fosså igjen i uke 20."