Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
Kurs for livet
Torsdag i sist veke var Åsmund Tuntland frå Hjelmeland Røde Kors Ambulansetenesta på Jøsneset for å lære oss om hjarte-og lungeredning, og om korleis bygda sin nyinnkjøpte hjartestartar virkar. Eit kurs om og for LIVET altså.Skikarusell på Gullingen
Måndag 28.januar blei første renn i den årvisse skikarusellen på Gullingen avvikla i lett snøvær.
198 små og litt større løperar stilde til start, deriblandt nokre frå Jøsneset
Resulatlister og info om renna framover finn du på nettsidene til SULDAL IDRETTSLAG.
Neste renn blir tysdag 05.02.13.
Kultur i alle postkassar
I postkassen din finn du nå VÅRENS KULTURPROGRAM 2013 - ein fin liten foldar med oversikt over komande kulturarrangement utover våren.....derav òg eit par arrangement her på Jøsneset. Ta godt vare på foldaren, for den blei brakt ut til fots til alle kassar på Jøsneset i den iskalde vinterkvelden. Men du finn den jo sjølvsagt òg på nett HER
Saueberging frå sjøen
Sist veke kunne me lese i Aftenbladet om ei flott saueberging i Vormedalsheia. Men denne helga fekk enda to sauer berga livet - nå frå sjøvegen, med båt som framkomstmiddel. Det var Rasin og Lise Tjeltveit som var "bergingsmannskap" til sauene frå Hagalid som stod fast på ei lita "to" ved Bårebergneset i Jøsenfjorden, saman med saueigarane sjølve: Hanne og Jone Hagalid.
Stivfrosen Foss-foss
Foss-fossen er flott nå når den står pinnhard og stivfrosen som ein 20-30 m høg skulptur. Ja, heile ånå frå topp til botn er ein einaste kjempestor isklump
Kald og flott dag på isen
Søndag 20.januar blei ein flott skeisedag på Fosstemmen. Ca 30 stk, store og små, møtte opp til skeising, bålbrenning, pølsesteiking og kaffekos. Det var isande kald nordavind, så det beste var å halde seg i aktivitet på isen - eller kose seg med bålvarmen inne i "Kalvagaren". Isen var speilblank og fin, tjukk og trygg - sjeldan gode forhold. Her var det mange unge talent å sjå - dei små lærer kjempefort ! Men like imponerande var veteranane på lengdeløpskeiser ; som krosskasta vatnet rundt og rundt, og rundt igjen - i fin stil; både med og utan hendene på ryggen. Ein gong lengdeløpsskeisar, visstnok alltid lengdeløpsskeisar.
Skikarusellen utsett
Kaldt og flott vær til tross, det hjelper lite for skiløp, når det ikkje er snø i løypa:
Den populære SKIKARUSELLEN på Gullingen er difor utsett, følg med HER.