Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
Referat møte i bygdarådet 18.01.2022
Det er mykje aktivitet i Bygdarådet for tida. Her er referat fra gårsdagens møte.
Merk at dato for årsmøtet er satt til 10. mars.
Du les referatet her.
Referat møte i bygdarådet 12. 01.2022
Det er nytt år og nye saker for bygdarådet å bryne seg på.
Onsdag denne veka var det bygdarådsmøte, der det blant anna blei gjennomgang av vedtektene.
Du kan lese referatet fra møtet her.
Melding om arbeid på oppdrettet ved Fosså
Driftsleder ved oppdrettsanlegget på Fosså har gitt melding om at det blir behandling av fisken denne veka, fra tirsdag til torsdag.
Arbeidet vil vere ferdig mellom kl 17 og 21 desse dagane.
Nesdalsfjell mest populær 2021
Alle 2021- turbøkene på dei 10 turpostane på Jøsneset er nå bytta ut. 1. nyttårsdag var ein stille, grå og våt dag, men frivillige var rundtomkring og henta inn bøker. GODT NYTTÅR frå Nesdalsfjell, som i 2021 gjekk av med seieren som bygdas mest besøkte turpost, med 1 690 noterte navn ila 2021 !! Det er nesten dobling av besøk frå året før ! Bravo !! Nedanfor får du ein liten nyttårsdag- "førerapport" frå nokre av dei andre turpostane
Takk for turen, Sven!
Ein bussjåfør, ein bussjåfør, det er jo som kjent ein mann med godt humør. Og det stemmer til dei grader for det vesle busselskapet med usedvanlig stort antall bussar, nemlig Sven Westersjø sitt busselskap, som har frakta elevane fra Jøsneset (og Ombo) trygt fram til skulen på Hjelmeland.
I dag var det siste skuledag for elevane, og det var nok mange som var klare for å endeleg ta juleferie.
Men det var og ein merkedag for bussjåfør Sven, som hadde sin siste dag på jobb.
I og med at dei nye ferjekaiane er ferdige, blir nemlig ikkje bussruta til Sven videreført.
På den siste ferjeturen heimover fjorden blei det difor laga til ein liten avskjedsfest for Sven, og det vanka både julebrus, lovord og blomar.
Det blei nesten litt vemodig å ta farvel.
Me håper at hovedpersonen fekk opplevelse av at me har satt pris på jobben han har gjort, og ønsker han lykke til vidare!
Ny Jøsnesposten
Denne veka kom det ny utgave av Jøsnesposten. Dersom du ikkje har fått den i postkassa, kan du lese den HER.
Det kan vere verdt å merke seg at Førjulskvelden på Mikals Laks, som skulle vere i kveld, dessverre er avlyst.