Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
Bildekveld i Jøsenfjorden
Jøsenfjorden Fritidsklubb inviterer inn fjorden til ein flott fotokveld med SULDAL FOTO v/Jarle Lunde. Her vil de garantert få sjå mange fantastiske bilder frå natur, landskap mm: Sjå eksempler på SULDAL FOTO eller følg Suldal foto på facebook.
SOLTRIM !!!
Madelen Langvik og Kristiane Westersjø inviterar til noko spennande: SOLTRIM i gymsalen på torsdager. Dei fortel at første oppmøte vil vera den 22. Oktober klokka 17.30-18.45, og alle frå 1-10 klasse er inviterte! Det vil vera aktivitetar som passar for alle, ta gjerne med ein venn !!
Bravo jenter !! Torsdag ser då ut til å bli bygdas store trimdag - jf "trim for eldre"..på litt seinare tidspunkt.
Takk for alle regnskogbidrag
Takk til alle som støtta med bidrag til årets TVaksjon til Regnskogfondet ! På Jøsneset var det Jøsneset Bygdaråd som stod for innsamlinga, og kjørte rundt i bygda og ferjekøen på Nesvik - saman med to frivillige som hadde meldt seg som bøssebærarar. Været var nydeleg - sikkert derfor ein del ikkje var å treffe inne. Bygdarådet arrangerte òg kafè i Trivselstova med salg av kaker, kaffe, te og brus - det var full rulle ute i ballbingen og på leikeplassen i finværet - Totalt var det 34 stk innom kafeen, og den brakte inn kr 1960, - i tillegg til det som kom inn i dei tre bøssene: total frå Jøsneset kr 10 031,50 - og totalt på bøssene i Hjelmeland kommune 85 214,-, og enda meir inkludert giverstafetten. TAKK TIL ALLE !! Meir info Hjelmeland Frivilligsentral og TVaksjonen
"Hjelmelandsfjord" sin siste dag
Er du ein av dei som hugsar "fjordabåttida"? Hugsar livet på kaien, lasting og lossing, stemninga om bord dei tre timane til byen? Alt bygdeliv skjedde "via landgangen"; sauer til slakt, melkespanna til meieriet, nybaka brød i kassar til butikken, fisk ut og kassar inn, posten inn og ut, reisande folk med byærend - og nyfriserte bydamer him att.....Eller har du kanskje berre høyrd om den tida?
Her er nokre bilder frå "HJELMELANDSFJORD" sitt siste anløp på Skiftun kai - 27 sept 1978. Kanskje du klarer å finne ein og annan du kjenner igjen....eller kjenner igjen bilane og traktorane?
Husk trening i kveld
Det blir trening i gymsalen i kveld 19:30. Alle er velkomne
Fiberutbygging
Fiberutbygginga går sin gang - her er det kabeltrekking på gang i røyr langsmed kommunal veg Skiftun som pågår-
Dette medførte at vegen ned mot Skiftun kai var stengd delar av dagen i dag, tysdag 6.okt.