Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
Jøsneset - Løgnaste bygdå i Hjelmeland
På Humorbattle-showet 2023 på Samfunnshuset blei Jøsneset kåra til Hjelmelands mest humoristiske bygd. Det var 6 bygder som stilde med innslag, og juryen var Strand revylag. Jøsneset gjekk av med seieren med sin 10-minutters ferjereis med den stemmeaktiverte "MS Helium 3000" der medvirkande var høna Gunda, Silje Sværen, Solveig Bog og Sven Westersjø. Me e stolte - Gratulerar !
Innslaget kan du sjå her på JØSNESET SI OPNE FACEBOOKSIDE.
Årsmøte i Bygdarådet - 9. mars
Bygdarådet kallar inn til årsmøte på Grendahuset, torsdag 9. mars. Møtet tek til like etter at årsmøte til Bedehuset er ferdig (ca kl 18.50).
Legg merke til at det blir årsmøte for Jøsneset Ungdomslag på slutten av møte.
Innkallinga og årsmelding vil bli delt ut i posten snarast.
Du kan også lese innkallinga her.
Tid for årsmøte - 9.mars
Styret i bedehuset kallar inn til årsmøte torsdag 9. mars kl 18.30 på Grendahuset.
Du kan lese innkallinga her.
Årsmøte til Jøsneset Bygdaråd vil vere same kvelden, like etter at årsmøtet til Bedehuset er ferdig. Det vil komme innkalling og meir detaljer fra Bygdarådet innan kort tid.
Alle er vel møtt!
Styret for Bedehuset
2x Jøsnes-drikkar på menyen - Det Norske Måltid
Det Norske Måltid leitar årleg etter det ypperste innan norsk mat og drikke. Kåringa av årets beste produkt skjedde på stor feststemt finalefest i Stavanger 2.februar. Av 250 påmeldte produkt var det 39 finaleprodukt frå heile Norge i 13 ullike klassar. Heile 2 produkt frå Jøsneset/Hjelmeland gjekk til finalen: Buhagen sin musserande eplemost i klassen Årets Drikk og Eiane Gard sin sider Brist i klassen Årets sider.
"No stoppa det med finaleplass denne gongen, men finaleplass i seg sjølv er ein siger i denne samanheng! T A K K !!" uttaler ordførar i Hjelmeland, Anita Husøy Riskedal på si Facebookside. Bildet er tatt frå bordet i salen av finalist Jostein Hjorteland/Buhagen, då leiar i Det Norske Måltid Kristin Austigard opna finalekvelden.