Nytt frå Strandbuen
- Mariell var aldri i tvil om at ho ville ha eit praktisk yrke: – Denne jobben vil eg bli gammal i
- Fornøyd med å få flere søkere til lederjobb – dette er det viktigste kommunen ser etter
- Quiz: Hvor godt leste du Strandbuen i april?
- Pilt-Ola har flyttet til Strand – det er det en grunn til
- Full enighet om at takstene er for høye – men det må mer til enn det
Siste nytt
Velkommen felles jonsokfeiring
Me er på jakt etter materiale til eit flott bål: ta kontakt med Odd Fosså 977 05 273 el Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Meir info om fellesfeiringa her på PLAKATEN. Velkommen frå Helselaget, Bygdarådet og Ungdomslaget:-)
Legevaktsaka
Bygdarådet var på eit ope infomøte om legevaktordninga, som er under endring. Formannskapet valde å utsetje saka etter innspel frå 4 bygderåd i kommunen, inkludert Jøsneset. Neste behandling blir tysdag 16.juni. Bygdarådet vil sende ny uttale i saka; der me mellom anna vil peike på at me er bekymra for at ambulansebåt-ordninga kan bli svekka av at Hjelmeland endrar ordning + at me ber dei greie ut nærare om me på nordsida av fjorden kan vende oss til Legevakt i Suldal dersom ein treng legevakt på nattetid; når ferja ikkje går. Me må skrive uttalen ila helga. Dersom nokon har synspunt: send snarleg over til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..
Les om saka HER . Dei foreløpige innspela frå Bygdaråda HER
Junihimmel
Juni starta røfft! Men nyt dei flotte glimta innimellom!! Knutsvik er staden for flotte kveldshimlar! Så ta ein spasèrtur! Send oss gjerne foto frå "din" kveldshimmel - eller anna frå junisommaren. Send oss òg gjerne tips om ting som skjer eller som kan formidlast her på sida. Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Ei utfordring til deg !
I postkassane til fastbuande er det nå delt ut ei lita Friluftslivets år-brosjyre ! Det er Kulturkontoret som med dette gir turrelaterte utfordringar til oss alle. Mellom anna å besøke 6 utvalde turpostar i kommunen ila året. Håvehammar er ein av postane - så då kan jo det vere ein enkel, fin start for oss på Jøsneset. Rundløypa til Håvehammar er blitt betre merka/skilta. Og i postkassen på Håvehammar finn de ein bokstav. Det er ein av 6 bokstavar du må samle, som tilsaman skal bli ord - les meir om opplegget i brosjyren. Veldig kjekt om hyttefolket òg deltar ! Det vil òg bli lagt ut brosjyrar på Naustet på Nesvik. God Tur !
Har du hus til leige?
Me skal flytte til Jøsneset og er er interessert i å leige hus frå hausten av. Har du noko til utleige? Kontakt Wenche Wåland Korsbø, 406 48 984
Klar for Smashing Jøsneset 2015
Komitègjengen i "Smashing Jøsneset 2015" gjer seg klar for NORA JABRI og REIDAR LARSEN - lørdag 25.juli på utescenen skuleplassen JØSNESET i RYFYLKE ! Set av datoen - dette blir stjernebra !
Imponerande deltaking Hardhausen
Jøsnesheia viste seg frå si aller røffaste side søndag 24.mai då Hardhausen og 3-nutsturen blei avvikla. Likevel: heile 46 spreke deltakarar trassa været og var med på toppturgåinga i ei samanhengande lang regnbyge, snøfenner i løypa og kaldt vær. Det var òg fleire barn og vaksne som var på besøk i gaphuken ved Fosstemmen - så totalt sett var det imponerande flott oppmøte !! Trass i dårleg vær - det var masse blide folk å møte i heia i dag; både fastbuande Jøsnesbuar, hyttefolk og folk frå nabobygder !! BRAVO FOLKENS !!