Nytt frå Strandbuen
- Mariell var aldri i tvil om at ho ville ha eit praktisk yrke: – Denne jobben vil eg bli gammal i
- Fornøyd med å få flere søkere til lederjobb – dette er det viktigste kommunen ser etter
- Quiz: Hvor godt leste du Strandbuen i april?
- Pilt-Ola har flyttet til Strand – det er det en grunn til
- Full enighet om at takstene er for høye – men det må mer til enn det
Siste nytt
Tirsdagstrening i dag og!
Det blir trening for alle i gymsalen kl 20
Velkommen til Kalvagaren
Ta gjerne ein sommartur til den flotte gapahuken "Kalvagaren" - solid og vakker der den ligg ved Fosstemmen. Dette er eit populært turmål på Jøsneset
Jøsneset barnehage...hei, hei,hei
"....ingen barnehage er som deg" !! Ja, det har bygdefolket sunge taktfast i 17.mai-toget gjennom mange år! Nå har me sunge det òg for siste gong ! Barnehagen blir nå nedlagt fordi det er for få barn i bygda. Men dei 3 jentene som har fullført siste året i barnehagen har gjort det med god stil og har god grunn til å rope HEI HEI HEI.....for dei har vandra sprekt på sti og HEI over stokk og stein i heila bygda dette året - avslutning her på GUNLANUTEN !! Tøffe tøffe Jenter !! ...både dei 3 små ..og dei 2 store
Gladmelding: Det blir to ferjer !
Lokalavisa STRANDBUEN melder at det er avklart: det blir to ferjer i sambandet Nesvik-Hjelmeland-Skipavik ! Les artikkelen HER
Legevaktsak på vent
Legevaktsaka fekk litt ulike utfall då dei blei behandla i kommunestyrene i Strand og i Hjelmeland. I Hjelmeland blei det i saka påpeika at saka hasta, for å få sagt opp avtalen til rett tid. Kommunestyret gjekk då òg inn for saka - rett nok med ein garanti at folk på nordsida av fjorden kan nytte seg av legevakt på Sand på nattestid då ferja ikkje går. Men då Strand kommunestyret behandla saka enda det med at dei utsette behandlinga for å få den meir utgreidd. Les meir i Strandbuen, 19.juni . Bygdarådet engasjerte seg i saka; var på infomøte og sendte to uttalar i saka. Siste uttale til kommunestyret HER
18 JULI - BÅTTUR TIL FØRRE
Me drømmer om stille fjord og nydeleg varm sommar! Kva er vel då betre enn å putre inn fjorden til Førre !
Bygdarådet tek initiativ til fellestur med eigne småbåtar - med bålkos, bading og grilling der inne.
Meir info HER