I dag/kveld var det full dugnadsaktivitet i ballbingen igjen . Forholda ligg ypperleg til rette for å få til skeiseis i bingen - med minus 10-15 kuldegrader i lengre periode. Einaste ulempa var all snøen som måtte vekk!! Snøfresar viste seg ikkje å vere særleg effektiv til slikt areal. Men den vesle blå traktoren til Joachim smøyg seg fint inn i bingen, og var svært effektiv som snøskuffe.
Utpå kvelden var bingen såpass snøfri at vatnet blei sprøyta på. Brannmannskapet fekk øve seg på utstyrs-bruk i sprengkulde (som i seg sjølv er viktig å øve på), og dei stilde både med traktor, vannvogn, pumpe, slangar og ikkje minst god bemanning !
Koss enden på visa blei, dvs kor god isen blei, var ikkje klart i skrivande stund........men følg med på nettsida her, så tipper me at det snart dukkar opp bilder av skeisande barn og elegante kunstløpdamer
Nytt frå Strandbuen
- Økonomisk suksess for Hjelmeland – ei gruppe menneske bidrog til at inntektene steig
- Store planer for populært friluftsområde – blir neppe campingplass igjen
- Strand er alene på denne toppen
- Synnøve har blitt eigar av ein gard til – nå skal ho driva med noko ho aldri har prøvd før
- Småkraft vil ha ny utsatt frist i Tauvassdraget – jobbes med å få satt ut lakserogn
Siste nytt
- Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
- Melding fra anlegget ved Fosså
- Me møtast på Fosstemmen 9.mai
- Hjartemarsj rundt Nullen 1.mai
- Ryddedag - oppmøte Grendahuset
- Har du bil og litt ledig tid?
- Møte på bedehuset 12. april
- Seniorlunsj 60 +
- Nytt datasenter i rute
- Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis