BUHAGEN

Lokalproduserte varer frå gardane til Jostein Hjorteland/ Berit S. Hjorteland og Silje Sværen/Øyvind Oaland på Skiftun. Her får du kjøt, pelsskinn og spekemat av villsau, økologisk kalvekjøt, eplemost og eplesider. Kom gjerne innom Krambuå for ein trivelig handel! 
 Du kan lese meir på Buhagen si nettside http://www.buhagen-kultur.no/, og på Buhagen sin Instagramkonto eller Facebook-profil.

 

MIKALS LAKS
Noreg sin beste røykelaks blir produsert på Jøsneset!

Mikal Laks sine lokaler for produksjon og salg av røykelaks og gravlaks ligg i Jøsnesvegen 142 ca 1,5 km frå Nesvik ferjekai. Dette er ei familieeigd verksemd, og produktene deira finn vegen til store og små butikkar, spisestader og privatkundar i inn- og utland. Les meir om verksemda, produkta, og ikkje minst finn mange gode oppskrifter på deira eigne nettsider www.kingmikal.no.

 Stillas til leie


Vaske hus? Skifte kledning? Male? Moderne og brukervennlig Aluhak-stillas til leie
Fri frakt internt på Jøsneset ved leie over 4 uker! Ta kontakt med Thomas på 97519040 for pristilbud og reservasjon.

 


ME TRENG MEIR STOFF TIL NÆRINGSLIV-SIDA

Sjølv om mange pendlar ut av bygda på arbeid, så er det òg mange som driv som sjølvstendig næringsdrivande på Jøsneset .

Det er t.d. verksemder innan turisme, fiskemottak, elektro, reinhald, handel, vidareforedling av lakseprodukt, blome- og grønsakgartneri.

Det er òg fleire bønder som driv med salg og vidareforedling av sine produkt, t.d. frukt, honning, te, såper, eplesaft, lamme-og kalveskinn, pels, kjøt, tomater/agurker, sommarblomar med meir.

På denne nettsida kan alle lokale næringsdrivande på Jøsneset få profilere si verksemd. Me oppmodar fleire lokale produsentar og sjølvstendig næringsdrivande i bygda til å sende inn stoff om seg og sitt produkt. 

Er du interessert? Ta kontakt med ein av oss i redaksjonen, sjå under KONTAKT OSS.

Facebook