Sponsorar

 

 

 

 

Jøsneset er ei lita bygd i fjord- og øyriket Ryfylke i Rogaland fylke.Som dei fleste andre
vestlandsbygder, så får òg Jøsneset sin dose av pøsregn og heftige vindkast. Men naturen
har forma bygda slik at ho ligg som ein solfangar i sørhellinga ut mot den vide Ombofjorden.
Så dei dagane sola skin i Rogaland, så skin ho garantert lenge her på Jøsneset.
Slik har naturen gitt oss gleda av å kunne bu i ei frodig og solrik bygd.
Sola er òg eit sterkt symbol for lys og vekst. Og me ser lyst på det, og trur bestemt bygda har potensial for vekst ! Me er rundt 85 som bur her fast, og har god plass til fleire.

Bruk denne nettstaden til å finne ut meir om bygda; om lag og foreningar, aktivitetar og om stort og smått som skjer rundt oss.

Kanskje du får lyst å ta turen til oss !

Facebook