Sponsorar

 

 

 

Eldre tid
Jøsneset si historie kan førast fleire tusen år tilbake i tid. Det er gjort steinalderfunn i Nesvik, på Fosså og i Knutsvik, som mange andre stader langs fjordstrendene i Hjelmeland. Dei første steinaldermenneska var nomadar, men gradvis gjekk det over til fast gardsbusetnad. Vi reknar med at budde folk på fem matrikkelgardar på Jøsneset kring år 1000 e.Kr. Dei fem var Knustvik, Skiftun, Asheim, Åsland og Foss. Truleg er busetjinga eldst på dei tre sistnemnde.

I perioden 1000-1350 reknar vi med at Fosså, Nesvik og Eiane i tillegg vart busette gardar. Men i generasjonane etter Svartedauen i 1350 vart desse tre liggjande øyde, og det tok eit par hundre år før dei kom i vanleg drift igjen.

Storfolk på Foss
Garden Foss er ein av få gardar som er nemnt i skriftlege kjelder i mellomdalderen. Herr Olav er nemnd kring 1300. Han var riddar og høyrde til adelsstanden i landet. Jørund Arneson og kona Gyrid Hallbjørnsdotter budde her på slutten av 1300-talet. Foss-folket var storfolk og store jordeigarar. Dei gardane og gardpartane dei åtte vart kalla Foss-godset.  Òg  i hundreåra som følgde høyrde folket på Foss til på toppen av bygdesamfunnet. Mellom 1668 og 1720 var fem menn frå Foss lensmenn i Hjelmeland. Fosså og Nesvik vart drivne som underbruk under Foss.

Skrivargarden Knutsvik
Søra Knutsvik var ein annan gard med storfolk på. Denne garden var skrivargard på 1700-talet. To sorenskrivarar i Ryfylke budde då her. Det var Morten Petersen Rødder frå 1722 til 1757 og Georg Daniel Barth frå 1757 til 1782. Med fjorden som viktigaste ferdselsåre låg Knutsvik sentralt i Ryfylke.

Offiserar
Òg på andre gardar budde det ei tid folk utanfor bondestanden. Dei var militære offiserar. På Fosså budde familien Tausan i to generasjonar, og i Nesvik først kaptein Gran, seinare to generasjonar Weltzin.

Hendingar i bygdehistoria

Jøsneset skule vart bygd på Skiftun i 1893. Det var skuldrift her fram til 2014. 
Jøsneset bedehus vart bygt i 1913,og er det eldste noverande bedehus i drift i Hjelmeland kommune


Fleire fun-facts om den tekniske utviklinga på Jøsneset.


I rutebåtane si storhetstid var det tre kaiar på Jøsneset – i Knutsvik, på Skiftun og i Nesvik.
Postkort frå Skiftun kai - truleg rundt 1900-talet, Kjelde: Ryfylkemuseet/OlgaHjorteland

Postvegen frå Nesvik til Knutsvik vart bygt ferdig i 1923.
Riksveg fram til bygda kom ikkje før i 1980. Då var vegen frå Vindsvik til Nesvik ferdig. Ferja over Jøsenfjorden, som hadde gått frå Vindsvik til Tøtlandsvik frå 1965 til 1990, vart då flytta til sambandet Nesvik-Hjelmeland.


Parti frå Skiftun - Ryfylke - Prospektkort - Lars Olsens Forlag Stavanger,

Kraftverket på Jøsneset
Førebuingane til å byggje eige kraftverk på Jøsneset starta i 1946. Namnet blei Jøsneset kraftverk A/L
For å samle nok vatn, blei det bygd 4 demningar. Det var Inntaksdammen, Fosstemmen, Krokavatnet og Skiftunstølvatnet. Dei 3 førstnemnde blei bygde først, medan Skiftunstølvatnet blei bygd litt seinare.

Den ytterste demningen, som ligg like på kanten der ein kan sjå ned til Foss, blei kalla Inntaksdammen. Dette var, som namnet seier, berre ein liten demning der ein kunne leia vatnet inn i ei røyrgate som gjekk ned til Krokane. Vatnmengda i Inntaksstemmen var berre nok til 1 t 20 minuttars full drift ved kraftverket. Sjølv om Inntaksdammen var liten, var den av stor betydning. Nils Foss, som hadde tilsynet med demningane, måtte heile tida sørgje for at det var noko vatn her. Det gjorde han ved å regulere på luka i Fosstemmen. Høgdeforskjellen mellom Foss og Inntaksstemmen var på 225 m, og kraftverket kunne ved topp drift levere 125 kwh. Dette skulle rekke til 70 husstandar, så det blei ikkje mykje på kvar.

Kraftverket som stod i Krokane på Foss byrja å levere straum i sept. 1949, og var i drift fram til 11. okt 1966.

Grunnen til at kraftverket fekk så kort levetid, var at det frå første stund var store problem med å halde demningane i orden. Både Krokarstemmen og Skiftunstølvatnet hadde lekkasjar som var vanskelege å tette. Dessutan blei det produsert for lite straum til dei stadig meirkrevjande brukarane.


Om vintrane blei det ofte problem når det var kalde vintrar. F. eks var straumen borte i opp til to månadar. To slike kalde vintrar var i 1963 og 1966.
Då kraftverket blei nedlagt i 1966, blei bygda kopla opp med straumkabel frå Ombo.

 
Fosstemmen 1949 - Foto: Elen Fossaa - Ryfylkemuseet.


Pause i demningsbygninga: framme med pipe Karl Roaldkvam, bak Nils Foss og til høgre Kjetil Hjorteland.  Original foto: Elen Fossaa - Ryfylkemuseet. 

Krokastemmen 1949: Kjetil Hjorteland, Nils Foss og Karl Roaldkvam - original foto Elen Fossaa, Ryfylkesmuseet

 

FaceBook
Facebook