Treningsanlegget i Grendahuset kan nyttast av alle , og der kan du trene når det passar deg. 
For å kunne bruke fasilitetene må ein betale. Ein kan betala for medlemsskap for eit kalenderår om gangen kr 400,- eller «drop-in» beløp kr 50,-

Innbetalinga gir tilgang til gymbygget med gymsal, treningsrom, treningsutstyr og toalett.
På treningsrommet er det tredemølle, romaskin, sykkel, vekter, ellipsemaskin, pressbenk, strikker, matter, balansebrett, vektballer
Det er høgtalar som du kan kople til med eigen musikk via bluetooth.

Års-medlemskap: :
Medlemsavgifta er kr 400,-/kalenderår  - kan teiknast av alle frå det året dei fyller 14 år
Betalast til Jøsneset Bygdaråd  VIPPS nr 911348
Kontakt deretter Silje Sværen 950 62 607 for kode til inngangsdør garderobe
Koden til inngangsdøra vil bli bytta ut i mars 2024 - den vil du få tilsendt om du har betalt årsavgifta nå i/for 2024

«Drop-In»
- gir mulighet for tilgang til trening kun ein gong
- kr 50,-  til VIPPS 911348 + melding til Silje 950 62 607, for kode til døra.
- beløpet gir elles same brukarmulegheiter og plikter som medlemsskap

REGLAR:

  • Systemet er tillitsbasert, så bruk og forlat lokalet på ryddig og fin måte
  • Bruk ikkje utesko inne - ta med eigne innesko
  • Medlemmer kan ha med seg andre på trening, men kode kan ikkje gis/lånast ut til andre
  • Kun friske og symptomfrie personar kan nytta treningsrommet
  • Etter bruk: spray over berøringsflater og tørk over !! Rydd etter deg !
  • Dusj/garderobe skal ikkje nyttast ! Utesko og ytterklær legges i gangen
  • Skru av apparater, høgtalar og lys. Sjekk at alle vinduer er stengde og dører låste.
  • Varmeovnane skal stå på 10 grader når du forlater lokalet.  
  • Bruk apparata rett. Ved skader på utstyr eller lokaler som skuldast uvettig bruk kan det koma krav om erstatning

Avgiftene skal dekke vedlikehald, desinfeksjon og reparasjonar av utstyr og lokaler + supplement av nytt utstyr.
Gi straks beskjed om utstyr som blir skada eller ikkje fungerer.
Gi gjerne tips om forbetringar eller behov for supplement av utstyr: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.  eller direkte til oss.

All trening og bruk av apparater skjer på eige ansvar.

Kos deg og ha ei fin trening 
Kontaktpersonar  : Silje Sværen 950 62 607 og Svanhild H Gbada 97007636.

 

Reglar for treningsrommet

          

FaceBook
Facebook